Rømer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rømer eller rhinskvinglass, truleg frå 2. halvdel av 1800-talet. Høgd 11,5 cm. Norsk Folkemuseum. NF.1915-1733.
Foto: Anne-Lise Reinfelt

Rømer er drikkekar til vin og brennevin, i seinare tid helst brukt som kvitvinglas. Rømeren har buka klokke på ein sylinder- eller trompetforma stett. Rømerar er gjerne laga i glas, men også i metall. Forma ser ut til å ha utvikla seg i Rhinområdet på 1400-talet.

Rømer i sølv med innskrift: 'FIDES/VERT SPETT/FORTITVDO/CHARITA../ IVSTITIA/PRVDENCIA' og 'PGS'. Innkomen frå Luster i Sogn og Fjordane. Høgd 6,3 cm. Norsk Folkemuseum NF.1915-1733.
Foto: Anne-Lise Reinfelt

I løpet av 1600-talet lærte ein å laga vassklart glas, men rømeren blei framleis laga i farga glas. Han vart svært populær i store delar av Nord-Europa og blei laga i store mengder i Holland på 1600-talet.[1] På slutten av 1500-talet byrjar gullsmedane å laga rømerar av sølv. Desse blei populære på 1600-talet, men gjekk av moten tidleg på 1700-talet.[2]

Rømerar av glas er gjerne laga heilt eller delvis av grønt eller brunt materiale, og dei er ofte dekorerte med knoppar eller rosettar. Rømerar rommar gjerne frå 0,10 til 0,3 liter, men eldre rømerar kan òg vera større.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Polak s. 57-61.
  2. Norheim (1997) s. 44-48.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]