RT-21M

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
SS-20 på avfyringsrampe
Missilet SS-20 SABER

RT-21M (NATO-kallenamn SS-20 SABER, russisk ракета средней дальности) var eit sovjetisk langdistansemissil. Missilet er best kjent i Noreg under NATO-kallenamnet SS-20 SABER. Missilet hadde mellomdistanse rekkjevidde og 3 kjernefysiske stridshovud. Missila var operative frå 1976 til 1988. 654 missil vart bygd. Missila vart øydelagt i mai 1991 i samsvar med INF-avtala.

Tekniske detaljar og utvikling[endre | endre wikiteksten]

Høgda til missilet var 16,5 meter, det var 1,79 meter i diameter og vog 37,1 tonn. Det var basert på to trinn med fast brennstoff frå missilet RS-14 (NATO nemning SS-16 Sinne). Opphavleg rekkjevidde var frå 600 til 5 500 kilometer, den siste utgåva hadde ein rekkjevidde anslege til 7 500 kilometer. Ved utplassering var missilet utstyrt med eit stridhovud på 1,6 tonn med ein sprengkraft på 1 megatonn. Seinare utgåver kunne ta to eller tre MIRV-baserte stridhovud, kvar av dei på 150 kilotonn. CEP (ein tenkt sirkel der det var minst 50 % sjanse for treff av stridhovudet) vart òg forbetra, frå 550 meter til 150-450 meter.

Missilet var meint å erstatta dei eldre R-12 Dvina (NATO kallenamn SS-4 Sandal) og R-14 Chusovaya (NATO kallenamn SS-5 Skean) som var utplassert frå åra 1958 og 1961 i Sovjetunionen og land tilhøyrande Warszawapakten. Utviklingsfasen av RT-21M starta i 1966 og designen til missilet vart godkjent i 1968, oppgåva med vidare utvikling vart gjeve til Moscow Institute of Thermal Technology. Prøveskyting starta i 1974 og utplassering vart påbyrja den 11. mars 1976 med dei første einingane operative i august same år. Fram til 1986 vart i alt 48 utskytningssteder etablert med totalt 405 RT-21M (SS-20) missil, i alt vart det laget 654 slike missil.

Bakgrunn for utvikling/utplassering[endre | endre wikiteksten]

Under den kalde krigen hadde Warszawapakten ein stor overvekt av konvensjonelle styrkar i Sentral-Europa og dei antok at NATO ville bruka taktiske atomvåpen for å stoppa eit massiv konvensjonell Sovjetisk offensiv. RT-21M (SS-20) gav sovjetstyrkane eit presist taktisk atomvåpen dei inntil då mangla, tidlegare missil hadde vesentleg dårlegare presisjon. RT-21M (SS-20) var nøyaktig nok til å kunna slå så godt som ut kvar og ein Nato-base og våpenlager med svært liten varslingstid. Sovjetunionen fekk følgjeleg evna til å slå ut NATOs taktiske atomstyrkar ved presise angrep.

USA utplasserte Pershing II mellomdistanserakettar og Tomahawk kryssarmissil som eit svar på utplasseringa av RT-21M (SS-20) etter at NATO i 1979 gjorde det såkalla Dobbeltvedtaket.

INF-avtalen og destruksjon[endre | endre wikiteksten]

Etter USAs utplassering av Pershing II og Tomahawk var Sovjetunionens fordel med RT-21M (SS-20) nøytralisert og begge partar fekk auka interesse for ein nedrusting av taktiske atomvåpen i Europa. Den såkalla INF-avtala vart forhandla fram og underteikna av USA og Sovjetunionen i 1987, og blant punkta ein vart samd om var destruksjon av RT-21M (SS-20), Pershing II og Tomahawk. Missila og deira køyretøy vart øydelagt i mai 1991, berre nokre få vart verna for å stillast ut på museum. I Kiev i Ukraina er ein RT-21M (SS-20) stilt ut på Den store fedrelandkrigen-museet, det er òg eit missil stilt ut ved National Air and Space Museum i Washington, DC i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]