Ragnvald Gundersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ragnvald Gundersen
Fødd 10. august 1907
Død

12. mars 1985

Yrke politikar

Ragnvald Marensius Gundersen (10. august 190712. mars 1985) var ein norsk politikar frå Glemmen som representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1945 til 1953.

Gundersen var medlem i bystyret i Fredrikstad periodane 1932-24 og 1937-40. Frå 1945 til 1965 var han ordførar i Fredrikstad, deretter varaordførar 1966-71. Fireårsperioden 1964-67 var han også fylkesvaraordførar, for så å verte fylkesordførar i perioden 1968–71. Han avslutta kommunalpolitikken som bystyremedlem i Fredrikstad 1972–75.

Etter Nils Hønsvald vart statsråd 10. januar 1948 møtte Gundersen på Stortinget resten av tingperioden 1945-49 som representant for kjøpstadene i Østfold og Akershus, og var sekretær i Universitets- og fagskulekomiteen. På Stortinget 1950-53 møtte han frå same valkrinsen, men då med fast plass. Heile den fireårsperioden var han medlem i Militærkomiteen. Ved stortingsvalet 1953 nådde han ikkje opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]