Raidet mot Dover

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kong Vilhelm-krigen
Hudson Bay: Hudson Bay (1686) · 1. Fort Albany · 2. Fort Albany · York Factory · Hudsonbukta i 1697

Quebec, New York og Newfoundland: Lachine  · Schenectady · Quebec · La Prairie · Mohawk Valley · Newfoundland


Acadia og Ny-England: Dover · 1. Pemaquid · Salmon Falls · Port Royal · Falmouth · Chedabucto · York · Wells · Oyster River · Bay of Fundy · 2. Pemaquid · Chignecto · Fort Nashwaak

Raidet mot Dover skjedde i Dover i New Hampshire under Kong Vilhelm-krigen den 27. juni 1689. Krigen byrja med ei rekkje indianarmassakrar egga opp av Frontenac, guvernøren i Canada. Den første av desse var øydelegginga av Dover, som hadde om lag 50 innbyggjarar. Ein kveld i juli 1689, kom to indianarkvinner heim til den eldre Major Waldron og bad om å få overnatte der. Begge fekk kome inn, men om natta stod dei opp og sleppte inn mange indianarar som låg skjult utanfor. Waldron vart myrda på skrekkeleg vis, byen vart brend ned til grunnen og om lag halvparten av innbyggjarane vart massakrerte. Resten vart ført bort og selde som slavar. Månaden etter møtte Pemaquid i Maine ein liknande lagnad.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.usahistory.info/colonial-wars/King-Williams-War.html