Raidet mot Salmon Falls

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Raidet mot Salmon Falls (27. mars 1690) var eit raid der Joseph-François Hertel de la Fresnière leia soldatane sine og mi'kmaq- og maliseet-indianarar frå Fort Meductic i New Brunswick for å erobre og øydeleggje den engelske busetnaden Salmon Falls (dagens Berwick i Maine) under Kong Vilhelm-krigen. Landsbyen vart øydelagd og dei fleste av innbyggjarane drepne eller tekne til fange og transportert attende til Canada. Ein milits frå Portsmouth følgde etter, men vart driven bort i ei småtrefning seinare på dagen. Hertel heldt så fram og raida dagens Portland i Maine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]