Slaget ved Fort Albany

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kong Vilhelm-krigen
Hudson Bay: Hudson Bay (1686) · 1. Fort Albany · 2. Fort Albany · York Factory · Hudsonbukta i 1697

Quebec, New York og Newfoundland: Lachine  · Schenectady · Quebec · La Prairie · Mohawk Valley · Newfoundland


Acadia og Ny-England: Dover · 1. Pemaquid · Salmon Falls · Port Royal · Falmouth · Chedabucto · York · Wells · Oyster River · Bay of Fundy · 2. Pemaquid · Chignecto · Fort Nashwaak

Slaget ved Fort Albany i 1688 var eit slag under Kong Vilhelm-krigen. Under Hudson Bay-toktet i 1686 hadde franskmennene, i fredstid, marsjert over land frå Quebec og erobra tre engelske handelsstasjonar ved James Bay. Franskmennene hadde etterlate ein garnison i Fort Albany i Ontario (og kanskje Moose Factory) og trengde attende eit skip med forsyningar og henta ut pels. Hudson's Bay Company fekk meldingar om tapa sine i januar 1687 og bad kongen om hjelp. Dette førte til eit år med diplomatiske forhandlingar. I 1688 sendte selskapet fem skip til bukta. To drog til den gjenverande stasjonen i York Factory, og eit gjenoppretta Rupert House som franskmennene hadde sett i brann, medan dei to siste drog til Fort Albany på vestkysten av James Bay. Dei hadde instruksar om å gjenopprette den engelske handelen og skulle ikkje nytte makt mot franskmennene, med mindre franskmennene gjorde dette først.

Samstundes hadde Pierre Le Moyne d'Iberville fått kommando over «Soleil d'Afrique» og drog med forsyningar til Fort Albany. I september 1688 då han var på veg bort, dukka «Churchill» og «Yonge» opp. Dei segla opp elva og sette i land tjue mann som bygde ein barrikade. Engelskmennene hadde 85 menn og franskmennene 16 kanadiarar og nokre sjømenn. Fjorten dagar seinare starta dei å byggje eit fort då tre engelskmenn vart skotne. Våpenkvila var no broten og engelskmennene som var fleire enn franskmennene burde ha gått til åtak, men gjorde ikkje dette. Ved eit tidspunkt fraus alle tre skipa fast i isen for vinteren. I desember byrja engelskmennene å døy av skjørbuk. Iberville tok den engelske lækjaren til fange i håp om at fleire skulle døy. Ei slags våpenkvile oppstod mellom partane. Då nok engelskmenn hadde døydd av skjørbuk slo Iberville til. Han overfall ein gjeng tømmerhoggarar, tok 20 menn til fange og gjekk så til åtak på fortet. Stasjonen heldt ut i fleire dagar, men då berre åtte «friske menn» var att, overgav dei seg.

På våren kapra han dei to skipa og på sommaren segla han over bukta til Fort Rupert og kapra der «Husband». På denne tida var England og Frankrike offisielt i krig med kvarandre, men denne meldinga hadde ikkje nådd bukta enno.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]