Rainy Night in Georgia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rainy Night in Georgia
Singel av Brook Benton
frå albumet Brook Benton Today
B-side «Where Do I Go From Here?»
Utgjeve 1970
Innspelt 1969
Sjanger R&B, soul
Lengd 3:29
Selskap Cotillion/Atlantic
Låtskrivar(ar) Tony Joe White
Produsent Arif Mardin

«Rainy Night in Georgia» er ein song skriven av Tony Joe White i 1967 og popularisert av R&B-songaren Brook Benton i 1970.

I 1969, etter fleire år utan hittar, fekk Benton ein ny platekontrakt, Cotillion Records (under Atlantic Records). Produsenten Jerry Wexler fekk nyss i songen og Benton spelte han inn i november 1969 med produsenten Arif Mardin.

Songen vart spelt inn for albumet Brook Benton Today og den melankolske songen vart raskt ein stor hit. Våren 1970 toppa songen soul-lista i USA. Han nådde òg fjerdeplassen av Billboard Hot 100,[1] og andreplassen på Adult Contemporary-lista. Singelen selde til gullplate for ein million selde eksemplar i USA. I 2004 vart songen rangert på 498. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. På den oppdaterte lista til Rolling Stone frå 2010 var songen ute av lista.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er spelt inn av mange andre musikarar, som Ray Charles, Otis Rush, Gil Parris, Little Milton, Dolla, Hearts Of Stone, Randy Crawford, Tennessee Ernie Ford, Johnny Rivers, Amos Garrett, Hank Williams jr., Nat Stuckey, Boz Scaggs, ein duett mellom Conway Twitty og Sam Moore, Aaron Neville, Chris Young og Shelby Lynne. David Ruffin spelte ein versjon av songen same året som Benton, men Motown gav ikkje ut albumet før i 2000-åra. B. J. Thomas spelte òg inn songen same året som Benton for albumet Most of All.[2]

Det er blitt laga fleire reggae-versjonar, mellom anna av Ken Parker, Lord Tanamo, Nicky Thomas, John Holt, og reggaeband som The Gladiators og The Congos. I 1967 skreiv Prince Buster om teksten og spelte inn ein seksuell reggae-versjon av songen kalla «Big Five», vanlegvis funnen med pip over somme ord. Gregory Isaacs laga ein dancehall-versjon av songen i 1990-åra.

Av nyare innspelingar finn ein versjonar av Hem og Boz Scaggs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 54. 
  2. «Most of All overview». Allmusic.com.