Ramsar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om staden i Iran. For stadar omfatta av vernekonvensjonen, sjå Ramsarstader.
Ramsar (رامسر)
Sakht Sar
by
none  Det gamle hotellet i Ramsar
Det gamle hotellet i Ramsar
Offisielt namn: Ramsar
Motto: 'Paradis på jord' (Behesht-e rooy-e Zamin)
Land Flag of Iran.svg Iran
Fylke Ramsar
Høgd 985 m
Folketal 31 659
Grunnlagd 1943
Tidssone IRST (UTC+3:30)
Kart som viser plasseringa av Ramsar by og fylke i Mazandaran.
Kart som viser plasseringa av Ramsar by og fylke i Mazandaran.
Wikimedia Commons: Ramsar
Nettstad: http://www.sh-ramsar.ir

Ramsar (رامسر, også romanisert som Rāmsar og Rānsar og tidlegare også kalla Sakht sar)[1] er ein by i Iran ved kysten av Kaspihavet. Han er fylkeshovudstad for Ramsar-fylket i provinsen Mazandaran. Ved folketeljinga i 2006 hadde han eit folketal på 31 659.[2]

Innbyggjarar i Ramsar talar det nordvestiranske språket gilaki. Staden er kjend for å ha ei av dei høgaste bakgrunnsstrålingane på jorda.

Stad[endre | endre wikiteksten]

Ramsar er den vestlegaste byen og fylket i Mazandaran. Han har kyst mot Kaspihavet i nord, Gilan-provinsen i vest, Qazvin-provinsen to i sør og Tonekabon i aust.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Ramsar er ein populær kystby for iranske turistar. Staden har også varme kjelder, skoga i Alborz-fjella, ferieslottet til den siste sjahen av Iran og Hotel Ramsar. 27 km sør for Ramsar, i Alborzfjella, ligg landsbyen Javaher Deh som også er ein viktig attraksjon.

Ramsar-konvensjonen[endre | endre wikiteksten]

Ramsar-konvensjonen om vern av våtmarksområde blei underskriven i Ramsar i 1971. Avtalen mellom ulike statar dekkjer vern av og samarbeid om våtmakr, med over 1 920 stader på rundt 1 680 000 km² inkluderte på Ramsar-lista over våtmarksområde med internasjonal tyding.[3][4]

Radioaktivitet[endre | endre wikiteksten]

Two survey meters show dose rates of 142 and 143 µSv/h on contact with a bedroom wall

Talesh Mahalleh-distriktet i Ramsar er det mest radioaktive folkesette området i verda ein kjenner, på grunn av radiumhaldige varme kjelder i området og lokale byggjemateriale derfrå.[5] Dei rundt 2000 innbyggjarane frå distriktet og andre høgradioaktive område mottek ein gjennomsnittleg årleg strålingsdose på 10 mGy per år, ti gonger meir enn den tilrådde grensa til ICRP for kunstig radioaktiv stråling.[6]

Bilde[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ramsar finst GEOnet Names Server under -3081959 i Advanced Search med Unique Feature Id
  2. «Census of the Islamic Republic of Iran, 1385 (2006)» (Excel). Islamic Republic of Iran. Arkivert frå originalen den 2011-11-11. //wayback.archive.org/web/20111114233307/http://www.amar.org.ir/DesktopModules/FTPManager/upload/upload2360/newjkh/newjkh/{{{1}}}.xls. 
  3. 2011-03-07
  4. Ramsar: A brief history, retrieved 2009-11-07
  5. Selinus, Olle; Finkelman, Robert B.; Centeno, Jose A. (14 January 2011). Medical Geology: A Regional Synthesis. Springer. s. 162–165. ISBN 978-90-481-3429-8. Henta 10 November 2012. 
  6. Mortazavi, S.M.J.; P.A. Karamb (2005). «Apparent lack of radiation susceptibility among residents of the high background radiation area in Ramsar, Iran: can we relax our standards?». Radioactivity in the Environment 7: 1141–1147. ISSN 1569-4860. doi:10.1016/S1569-4860(04)07140-2. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]