Hopp til innhald

Ranen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ranen
landsby
Land  Israel
Region Nordvest-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Merhavim
Koordinatar 31°20′16.8″N 34°36′3.96″E / 31.338000°N 34.6011000°E / 31.338000; 34.6011000
Areal km²
Folketal 608 (2015)
Grunnlagd 1950
 •  Grunnlagd av jemenittiske jødar
Tilhøyrsle Moshavrørsla
Kart
Ranen
31°20′17″N 34°36′04″E / 31.338°N 34.6011°E / 31.338; 34.6011
Wikimedia Commons: Ranen

Ranen (hebraisk skrift רנן, tyder Rop') er ein moshav sør i Israel. Han ligg nordvest i Negev 2 km nord for Ofakim og høyrer til Merhavim regionale kommune. I 2006 hadde han 675 innbyggjarar.

Moshaven vart grunnlagd i 1950 av immigrantar frå Jemen og heitte opphavleg Bitha. I 1952 flytta innbyggjarane til staden Hakam Ha-107 ma'abara og omgjorde denne til ein moshav, og tok med seg namnet Bitha.

Ei gruppe karaittiske jødar frå Egypt flytta inn i moshaven, og kalla han Ranen. Namnet er som fleire andre moshavar i området, teken frå eit vers i Jesaja, 35:2,

Som lilja skal ho bløma og jubla, ja, ropa av fryd. Libanons herlegdom har ho fått, Karmels og Sarons glans. Dei skal få sjå Herrens herlegdom, glansen frå vår Gud..