Ranværing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ranværing(smål) eller Nord-helgelandsk er dei tradisjonelle nordnorske målføra på indre Nord-Helgeland, i området kring Ranfjorden og i dalstroka innanfor. Dialekten har både nordnorske og austnorske målmerke. Mange av særdraga er likevel svekka, spesielt omkring Mo i Rana, der var ei stor innflytting dei første tiåra etter andre verdskrigen

Ranværingsmålet i høve til nasjonale målmerke[endre | endre wikiteksten]

Dialekten framstår tydeleg som ein nordnorsk dialekt, med

Sjølv om nordnorske målføre oftast vert rekna blant vestnorske målføre, har ranværingsmålet i sterkare grad enn nokon annan nordnorsk dialekt somme austnorske målmerke:

Ranværingsmålet i høve til andre nordnorske dialektar[endre | endre wikiteksten]

Kartet viser fire hovudgrupper av norske dialektar. Rana ligg som ein enklave sør i området som her er teikna samanhengande gult.

Dialektane sør for Rana skil mellom sterke og svake hokjønnsord. I Rana endar hokjønnsorda på –a (eller –ä) både i ubunden og bunden form. Ranværing har tjukk L for opphavleg rð; denne forma finn vi ikkje i saltværing.

Utbreiing av ranværingsmål[endre | endre wikiteksten]

Ranværing vert bruka i gamle Rana (eller Mo) prestegjeld, det vil seie i Rana og Hemnes kommunar og i Elsfjord sokn i Vefsn kommune. Sør i Beiarn kan også dialekta bli klassifisert som Ranværing, sidan mange av gardane her vart rydda av folk frå andre sida av Saltfjellet.

Språkbruken varierer mykje frå Mo i Rana og tettstadene rundt byen til bygdene inne i landet. Den store innflyttinga ved etableringa av Norsk Jernverk gjorde at mange dialektar vart blanda, og trekk som særpregar ranværingsmålet fall bort.

Verbbøying[endre | endre wikiteksten]

I tradisjonell ranværing finn vi spor av kløyvd infinitiv. Infinitivar med lang rotstaving i gammalnorsk - (som bíta eller høyra) eller kort vokal pluss lang konsonant (som i finna) – har fått trykket samla på den lange rotstavinga. I ranværingsmålet har det ført til at infinitivsendinga fell bort ved apokope (å kast). Eit unntak er verb der stammen ender på J – i dei vert invinitvsendinga svekka til ein –e: (å tenkje, å hesje').

Infinitivar med stutt rotstaving i (å veta) - fekk jamvekt mellom rotstavinga og endringa, slik at vokalen ikkje vart redusert, men heldt seg som ein a (å veta). Derfor seier ranværingane ofte å moka, å prata, å raga, å vea (å vade). Denne infinitivsforma er oftare bruka i svake enn i sterke verb.

I sterke verb ser ein ofte eit sammanfall mellom formene i infinitiv og presenså fer (av å fara), å søv (av å sova). Elles vert sterke verb jamnt over bøygde som i standard nynorsk, utan ending i presens og med e-ending i supinum. I supinum vil vi likevel finne avvikande former som lie for 'lege' og føre for 'fare'.

I svake verb fell r bort i presens i a.verb: kasta for 'kastar' . I e-verb fell ofte heile presensendinga bort - lys for 'lyser'.

Substantivbøying[endre | endre wikiteksten]

Mønsteret er

ein hæst– ¹hæst’n – ²hæsta – ²hæstan
ein ²beta – ²bet’n – ²beta – ²betan
ein ²låve - ²låven - ²låva - ²låvan

ein lærar – lærarn – lærera – læreran

ei bygd – ¹bygda – ²bygde – ²bygden
ei ¹visa – ²visa – ²vise – ²visen
ei bok – boka – bøker – bøkern
eit hus – ¹huse – hus – ¹husan
eit ²eple – ²eple – ²eple – ²eplan

Dativ[endre | endre wikiteksten]

Blant eldre folk finst enno dativ i levande bruk, mest på kysten, og oftast i faste uttrykk:

Han ligg i ¹båtæ, han stod på ²bakko (sjeldan og forelda), huset stod i ¹vikjen, han låg på ²hyllen, han var på ²fjellæ. Dativ vert ved slike høve styrt av preposisjonen. Ettr preposisjonane på og i vert dativ berre bruka ved påstadnemning: Han går (ombord) i båten, men han ligg i båtæ. Han fór på ¹fjelle, men var i ²fjellæ.

I gammal tid har òg dativ fleirtal vore bruka:

i holmo (i holmane, holmom), for tenaro (for tenarane, tenarom)

Sermerkte ord[endre | endre wikiteksten]

Somme substantiv har avvikande genus i helgelandsmål:

ein nebb (sjeldan), ein fjøs, ei lae, ei famn, eit kai.

Orda helg, ferd, elg, elv vert tradisjonelt uttala ha£g, fa£, a£g, å£v.

Ordtilfang[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt ranværingsmål har mange særmerkte ord. Mange av dei vil vi finne i andre norske dialketar, andre er tatt opp frå samisk eller svensk.

Ein gut er på ranværing ein kørv.

Personlege pronomen[endre | endre wikiteksten]

1.person eintal 1.person fleirtal 2.person eintal 2.person fleirtal
Nominativ eg vi du dåkk
Akkusativ, dativ meg åss deg dåkk
Eigeform min/mi/mett våres din/di/dett dåkkers
kasus 3.person hankjøn 3.person hokjøn 3.person inkjekjøn 3.person fleirtal
Nominativ han ho de di
Eigeform hans hinners deres

Spørjeord[endre | endre wikiteksten]

  • ke (kva)
  • kem (kven)
  • ker (kor)
  • kefør (kvifor)
  • keless’n (korleis)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hallfrid Christensen i Axel Coldevin: Rana bygdebok bind 1 (1964)