Reșița

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reșița
Utsyn over Reșița
Utsyn over Reșița
Utsyn over Reșița
Byvåpenet til Reșița
Byvåpenet til Reșița


Plassering
Reșița is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Caraș-Severin
Borgarmeister Ioan Popa
Geografi
Flatevidd
 - By

197,65 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2021)
   - folketettleik

58 393
  295,4 /km²
Koordinatar 45°18′0″N 21°53′25″EKoordinatar: 45°18′0″N 21°53′25″E
Høgd over havet 208 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 320xxx
Retningsnummer (tlf) +40 02 55
Bilnummer CS
Nettstad: www.primariaresita.ro

Reșița (tysk Reschitz, ungarsk Resicabánya, serbisk Решица/Rešica, kroatisk Ričica, tsjekkisk Rešice, tyrkisk Reşçe) er ein by i regionen Banat i Romania og hovudsete i Caraș-Severin fylke. Byen ligg vest i landet og har om lag 75 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen har røter tilbake til 1400-talet under namnet Rechyoka og Rechycha. Arkeologiske funn i området går derimot tilbake til steinalderen, Dakia og Romarriket. Han vart nemnd i 1673 som Reszinitza i dokument som synte at innbyggjarane betalte skatt til Timișoara. På slutten av 1700-talet vart han eit viktig industrisenter for produksjon av metall. Byen var først busett av rumenarar, men seinare slo òg tyske familiar seg ned her. Byen hadde lenge eit landleg preg og først i 1925 fekk han status som by, og i 1968 vart han ein eigen kommune.

Etter den rumenske revolusjonen i 1989 vart Reșița mindre viktig og økonomien var i fall, som i resten av Romania. Folketalet minka òg, frå 110 000 i 1989 til 85 000 i dag.

Busetnader[endre | endre wikiteksten]

Kommunen Reșița innanfor Caraș-Severin fylke

Reșița er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:

Busetnad Folketal 2011[2] Folketal 2021[1]
Reșița 69 513 55 181
Câlnic 1 397 1 337
Cuptoare 324 255
Doman 708 579
Secu 512 335
Țerova 509 420
Moniom 319 286

Storbyområde[endre | endre wikiteksten]

Det blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Reșița, bykommunen Bocșa (oraș) og dei åtte mindre kommunane (comună) Ocna de Fier, Dognecea, Goruia, Târnova, Văliug, Brebu Nou, Lupac og Carașova.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Reșița