Reformforeningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Reformforeningen var ein samskipnad danna under stortinget 1859-60. 37 av stortingsrepresentantane slutta seg til foreininga som vart skipa i november 1859, mellom 60 og 70 var til stades på skipingsmøtet. Foreininga sette opp eit program i sju punkt:

  • Jamstilling i unionen
  • Årlege storting
  • Ordning av forholdet mellom bygdene og byane sin representasjon
  • Jury i straffesaker
  • Motarbeide sentraliseringa i utvikling og administrasjon
  • Gjennomføring av kommunalt sjølvstyre
  • Sjølvstendig utvikling av folkeskulen (almueskolen)

Tretti av dei 37 stortingsmennene kom frå bondeflokken på Stortinget. Gruppa vart leia av Johan Sverdrup frå den liberale byopposisjonen, og Ole Gabriel Ueland frå bondeopposisjonen. Få av sakene var nye, og ingen rekna for radikale. Det nye låg meir i det formelle samarbeidet mellom dei ulike opposisjonsgruppene.

Sverdrup tala for å binde alle medlemene i foreininga til i Stortinget å røyste for standpunktet til majoriteten i gruppa. Dette forsøket på å danne eit parti var framandt for dei fleste tingmennene, mellom anna tala Ludvig Daae kraftig mot. Foreininga gjekk etter nokre månader i oppløysing, også grunna sterk motstand i avisene.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Bernt A. Nissen: Nasjonal vekst. Bind VII av Vårt folks historie. 1964