Ludvig Daae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ludvig Daae

Fødd24. april 1829
Solnør
Død1. mai 1893 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, jurist, skribent, dagbokskrivar
BarnAagaat Daae, Ludvik Daae
MedlemDet Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Alle verv

Ludvig Daae (24. april 18291. mai 1893) Han var ein norsk embetsmann, stortingsrepresentant og statsråd. Han var søskenbarn av Henrik Ibsens kone Suzannah Ibsen.[1]Henrik Ibsen vitja Daae etter det korte opphaldet på Hellesylt sommaren 1862.[2] Han var son av kaptein Ludvig Daae (1792–1879), som kjøpte Solnør i Skodje. Han var barnebarn av presten Johan Christopher Haar Daae (1759-1827).[3][4] Daae kan forvekslast med sine slektningar Ludvig Kristensen Daa og Ludvig Daae (1834–1910). På grunn av dei mange «Ludvig Daae» på den tida gjekk han under tilnamnet «Medalje-Daae».[5]

Familie og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Daae var gift med Anna Christine Schavland (1836–1904), dotter av presten Aage Schavland og søster av litteraturhistorikar Olaf Skavlan og presten Sigvald Skavlan.[5]

Han var fødd og oppvaksen på proprietærgarden Solnør i Skodje. Fram til han var 11 år, fekk han undervisning heime, mellom andre av Ivar Aasen. 1840–45 gjekk han på Molde Midelskole, vart student med laud i 1846 og juridisk kandidat med laud i juli 1850. I 1852 vann han kronprinsen sin gullmedalje for svaret på universitetet si prisoppgåve i historie om «Aarsagerne til og Følgerne af de indvortes Krige i Norge i det 12te og 13de Aarhundrede». 1854 oppheldt han seg i lengre tid i København, der han dreiv undersøkingar i Gehejmearkivet. Herfrå leverte han mellom anna avskrifter til Diplomatarium Norvegicum og vann 1855 ein ny gullmedalje, denne gong for svaret på den juridiske prisoppgåva «Om Bevismidlerne i Misgjernigssager efter Magnus Lagabøters og Christian den 4des Love».

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1856 tok han autorisasjon som overrettssakførar og busette seg på farsgarden. 4. oktober 1869 vart han utnemnd til fut i Sunnmøre fogderi, og 13. september 1876 til sorenskrivar i Nordre Sunnmøre.

Straks etter Daae flytta til Solnør, vart han 1856 ordførar i Skodje formannskap og såleis medlem av Romsdals amtsformannskap, der han i fleire år arbeidde som formann i vegkomiteen og som medlem av fleire spesialkomitear. Dessutan var han i lengre tid overformyndar og forlikskommissær i heimbygda.

Alt i 1857 vart Ludvig Daae valmann. Han møtte som 4. representant for Romsdals amt på stortinget 1859–1861 (medlem av justiskomiteen nr. 2), og møtte seinare som ein av amtets representantar på samtlege storting frå 1862 til 1879, då han sa frå seg gjenval. På stortinga 1862–1866 var han sekretær i kyrkjekomiteen, 1868–74 medlem av konstitusjonskomiteen (formann frå 1871), og 1875–79 formann i militærkomiteen. Dessutan var han medlem i valkomiteen frå 1865 og av fullmaktskomiteen frå 1871, og medlem av fleire spesial-komitear, namnleg stemmerettskomiteen 1868–69, jarnbanekomiteen same år, skattekomiteen, med fleire. I 1871 vart han flytta over i Lagtinget, der han var president i dei komande åra.

Daae var medlem av militærkommisjonen av 1870. Han var formann i amtsmatrikuleringskommisjonane for både Søndre Bergenhus amt 1871 og for Stavanger amt 1872.

regjeringa Sverdrup vart danna 26. juni 1884, vart Daae utnemnd til sjef for Armedepartementet. Denne stillinga forlet han 30. april 1885. Han busette seg då atter på Solnør. Etter grunnlovsvedtak av 1. juli 1884 vart han deretter kåra til representant på stortinget 1886–88 for Ålesund og Molde. I 1889 vart han tilsett som tollkasserar i Kristiansand, og døydde der i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://ibsen.uio.no/REGINFO_peLuDa.xhtml lest på nett 22.jan 2013.
  2. UiO Henrik Ibsens skrifter: innledning til Brand (av Vigdis Ystad) http://ibsen.uio.no/DRINNL_Br%7Cintro_background.xhtml lese på nett 22.januar 2013.
  3. Daae på snl., lese 10. februar 2013.
  4. Lampe, J.F. (1895): Bergens Stifts Biskoper og Præster efter Reformationen. Redigert av D. Thrap. Kristiania: Cammermeyer.
  5. 5,0 5,1 «Ludvig Daae» i Store norske leksikon, snl.no.