Johannes Steen si første regjering
Utsjånad
(Omdirigert frå Regjeringa Steen I)
Johannes Steen si første regjering var ei Venstreregjering som tiltredde 6. mars 1891. Regjeringa tok over etter Emil Stang si første regjering.
Regjeringa søkte først om avskjed 29. juni 1892, men fortsette etter samrøystes oppmoding frå Stortinget. Regjeringa søkte på ny om avskjed i april 1893, og fråtredde 2. mai 1893. Ho vart etterfylgd av Emil Stang si andre regjering.
Statsrådpost | Statsråd | Periode | Parti |
---|---|---|---|
Statsminister og sjef for Finansdepartementet | Johannes Steen | V | |
Norsk statsminister i Stockholm | Otto Blehr | V | |
Justisdepartementet | Ole Anton Qvam | V | |
Revisjonsdepartementet | Hans Nysom | til 28. november 1891 | V |
Thomas von Westen Engelhart | frå 28. november 1891 til juli 1892 | V | |
Jacob Otto Lange | frå juli 1892 | V | |
Indredepartementet | Wollert Konow (H) | V | |
Kyrkjedepartementet | Vilhelm Andreas Wexelsen | til juli 1892 | V |
Carl Berner | frå juli 1892 | V | |
Forsvarsdepartementet | Peter Theodor Holst | V | |
Arbeidsdepartementet | Hans Nysom | V | |
Statsrådsavdelinga i Stockholm | Carl Berner | til juli 1892 | V |
Jacob Otto Lange | til juli 1892 | V | |
Vilhelm Andreas Wexelsen | frå juli 1892 | V | |
Thomas von Westen Engelhart | frå juli 1892 | V |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Johannes Steens første regjering» frå Wikipedia på bokmål, den 12. oktober 2014 revisjon 13125717
- «Johannes Steens første regjering 6. mars 1891 - 2. mai 1893». Regjeringa.no. Henta 12. oktober 2014.