Hopp til innhald

Thomas Engelhart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Thomas von Westen Engelhart)
Thomas Engelhart

Fødd6. oktober 1850
Vinger
Død3. august 1905 (54 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, jurist
Alle verv
  • stortingsrepresentant (1886–1888)
  • Norges indreminister (1895–1897)
  • Norges revisjonsminister (1891–1892)
  • stortingsrepresentant (1889–1891)
  • stortingsrepresentant (1892–1894)
  • stortingsrepresentant (1895–1897)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1892–1893)
  • medlem av statsrådsavdelingen i Stockholm (1897–1898)
  • fylkesmann i Vestfold (1902–1905)
  • fylkesmann i Telemark (1898–1902)
  • ordførar i Vinger (1881–1888) Sjå dette på Wikidata

Thomas von Westen Engelhart (6. oktober 18503. august 1905) var ein norsk statsråd for Venstre, amtmann og statsadvokat.

Engelhart var fødd i Vinger, faren var offiser. Han vart student frå Nissens skole i Christiania i 1866, og avla juridisk embetseksamen i 1871. Deretter var han advokatfullmektig og frå 1873 overrettssakførarKongsvinger. Frå 1876 var han høgsterettsadvokat i Vinger, der han også var ordførar mellom 1881 og 1889 og direktør i den lokale sparebanken. I 1889 vart han statsadvokat for Akershus og Kristians (Oppland) lagsokn.

Engelhart representerte Hedemarkens amtStortinget i tida 1886-97. Han var 1886-89 medlem av jarnbanekomiteen, 1888-89 som formann. 1889 og 1891 var han president i Odelstinget. I 1890 vart han nekta møte på Stortinget, 56 røyster mot 40, ettersom han hadde søkt statsadvokatembetet. Medlem av konstitusjonskomiteen 1893, formann 1894-96. Medlem av valkomiteen 1893-96 og av undersøkingskomiteen 1894, samt medlem av Lagtinget 1895-96.

Frå mars 1891 til 1892 leia Engelhart Revisjonsdepartementet i Johannes Steen si fyrste regjering, var så medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm til regjeringa gjekk av i 1893. Sidan vart han 1895 utnemnd til sjef for Indredepartementet i den fyrste Francis Hagerup-regjeringa, før han atter vart medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm 1897-98.

Han var amtmann i Bratsberg amt 1898-1902 og i Jarlsberg og Larvik amt frå 1902 til han døydde brått sommaren 1905 medan han var på Feskjær ved Åsgårdstrand.

Engelhart vart i 1892 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og forfremja til kommandør av 1. klasse i 1898. Han var også innehavar av fleire utanlandske ordenar, mellom dei den svenske Nordstjerneordenen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914