Reidar Torp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reidar Torp
Fødd 7. juli 1922
Død

19. mai 2017 (94 år)

Yrke offiser

Reidar Torp (7. juli 192219. mai 2017) var ein norsk offiser fødd i Sarpsborg.[1] Han var sonen til politikaren Oscar Torp.

Under andre verdskrigen rømde Torp frå Noreg med skipet HMS «Devonshire» den 7. juni 1940 saman med kongefamilien og regjeringa.[2] Under andre verdskrigen var han soldat med militær trening i London frå 1942 til 1943 ved ei øvingsavdeling i Sandhurst frå 1943 til 1944.[1]

Reidar Torp var sjef for etterretningstenesta under Forsvarets Overkommando frå 1970 til 1975 og sjef for Plan and Policy Division International Military Staff i NATO frå 1975 til 1979 som generalmajor. Han var òg sjef for Forsvarets stabsskule fra 1979 til 1983, og sjef for Heimefrontmuseet frå 1983 til 1995.[1][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Reidar Torp 80 år 7. juli». NTB. 14. juni 2002. 
  2. Odin Johannessen (22. juni 2017). «Nekrolog: Reidar Torp». Aftenposten. Henta 13. oktober 2017. 
  3. «Arnfinn Moland 50 år 25. august». NTB. 3. august 2001.