Reiparbane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Prinsippet for ein reiparbane.

Reiparbane (truleg av tysk opphav, Reiferbahn, seinare Reeperbahn) er nemninga for ein fabrikk eller ei innretning der fiber vert tvinna saman til tau, reip og trosser. Tidlegare var dei vanlegaste fibra hamp og sisal, no vert det for det meste nytta kunstfiber. Trosser kan vere tvinna saman av to kordelar (toslått), tre (treslått, som er det vanlegaste), eller fleire. Fibra vert tvinna saman så fast at tvinninga ikkje gjekk så lett opp att etter at tauet var ferdig. Dei eiskilde linene som tauet vert tvinna av, kordelane, er òg tvinna, og prinsippet for tauproduksjon kan i det store og heile samanliknast med framgangsmåten som vert nytta når vert laga tråd til klede av ull, linfiber eller anna fiber.

I tidlegare tider vart arbeidet med å slå tau gjort for hand. Men med tida vart det utvikla innretningar eller maskinar med tannhulsdrev som sytte for at tvinninga vart jamn. Bygningane som vart nytta til reiparbanar i seilskutetida er særs lange, då det vart kravd ei strekning på om lag 400 meter å strekkje ut kordelane på for å få eit langt nok ferdig tau. I land der vêrtilhøva gjorde det mogleg, har det òg vore reiparbanar som stod i friluft.