Release Me av Hooverphonic

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Release Me»
Song av Hooverphonic
Land Belgia
Språk Engelsk
Utgjeve 17. februar 2020
Sjanger Pop
Lengd 03:05
Selskap Universal Music
Låtskrivar(ar) Alex Callier, Luca Chiaravalli

«Release Me» ('slepp meg fri') er ein popballade som vert framført av det belgiske bandet Hooverphonic. Songen vart utgjeven 17. februar 2020 og skulle ha vore det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1][2]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

«Release Me» skulle ha vore det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 etter at den flamske kringkastaren VRT internt valde bandet Hooverphonic til å representere landet i tevlinga. Songen skulle ha delteke i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland tysdag 12. mai.[3] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[4] Hooverphonic representerte Belgia i Eurovision Song Contest 2021, med songen «The Wrong Place».[2]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2020) Høgaste

plassering

Belgia (Ultratop Flandern)[5] 21
Belgia (Ultratip Vallonia)[5] 11

Utgjevingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 17. februar 2020 Digital nedlasting, strøyming Universal Music Belgium [6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Belgium: Hooverphonic debut Eurovision 2020 entry "Release Me"» (på engelsk). 17. februar 2020. Henta 19. februar 2020. 
  2. 2,0 2,1 Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  3. «First Semi-Final of Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020. 
  4. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  5. 5,0 5,1 «Hooverphonic - Release Me». Henta 29. februar 2020. 
  6. «Release Me - Single by Hooverphonic on Apple Music». Apple Music. Henta 17. februar 2020.