Hopp til innhald

Belgia i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Belgia

OffisieltBelgia

VRT, RTBF
Uttakingar
Deltaking
Debutår1956
Deltakingar63
Beste resultat
Semifinalen1 (2010)
Finalen1 (1986)
Verste resultat
Semifinalen26 (2007)
FinalenSist (1961, 1962, 1965, 1973, 1979, 1985, 1993 og 2000)
Poeng
Semifinalane1 575
Finalane2 823
Totalt4 398

Belgia debuterte i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i 1956 og har berre vore fråverande tre gongar sidan: i 1994, 1997 og 2001. Alle tre gongane skuldast fråveret dårlege plasseringar åra før. Belgia har vunne Eurovision Song Contest éin gong, då 13 år gamle Sandra Kim vann med «J'aime la vie» i Bergen i 1986. Belgia har delteke 63 gongar og har komme på sisteplass åtte gongar i Eurovision Song Contest.

Belgia er eit av sju land som deltok i den aller fyrste utgåva av Eurovision Song Contest, som vart arrangert i Lugano i 1956. Sidan deltok Belgia kvart einaste år fram til 1994, då landet ikkje var kvalifisert på grunn av sisteplassen året før.

Deltakinga og ansvaret for å velje det belgiske bidraget har sidan byrjinga gått på rundgang mellom den franskspråklege kringkastaren RTBF og den flamske kringkastaren VRT. Det gjorde at Belgia sine bidrag var skiftevis på fransk og nederlandsk fram til 1999, då språkregelen vart oppheva. Mens VRT ofte har vald sine bidrag gjennom ein nasjonal finale, Eurosong, har vallonske RTBF stort sett vald song og artist internt. Historisk sett har bidraga frå RTBF gjort det langt betre enn bidraga frå VRT. Sigeren og begge andreplassane kom frå RTBF, mens heile seks av åtte sisteplassar kom frå VRT. Den beste plasseringa til Flandern er to sjetteplassar.

Båe kringkastarane sender Eurovision Song Contest kvart år i Belgia. Kanalane har kvar sine kommentatorar og brukar separate telefonnummer når sjåarane skal ringe inn og røyste i tevlinga. Fans, sjåarar og politikere har fleire gongar ytra ønskje om at RTBF og VRT skal samarbeide om deltakinga til Belgia, men inntil vidare går ansvaret framleis på rundgang mellom dei to kringkastarane.[1]

Sisteplassar og siger

[endre | endre wikiteksten]

Belgia har tradisjonelt sett hatt moderat suksess i Eurovision Song Contest, ikkje ulikt innsatsen til Noreg. Som med Noreg, begynte Belgia med ei rekkje topp ti-plaseringar, før to sisteplassar fulgte på rad 1961 og 1962. Den tredje sisteplassen kom i 1965. Den mest kjende sisteplassen kom i 1993, då Barbara Dex song «Iemand als jij». Men det er ikkje plasseringa i seg sjølv som har fått mest merksemd, snarare Dex si sjølvsydde kreasjon, som seinare vart opphavet til Barbara Dex Award – ein årleg pris som delast ut til den verst kledde i Eurovision Song Contest.[2]

Trass sisteplassane har Belgia også gjort det bra i tevlinga. Belgia har to andreplassar frå 1978 og 2003, og i 2003 låg Belgia an til å vinne Eurovision Song Contest for andre gong før siste land skulle gi sine poeng. Til slutt vann Tyrkia tevlinga, berre to poeng foran det belgiske bidraget «Sanomi». Den fyrste og førebels einaste sigeren til Belgia kom i Bergen i 1986, med Sandra Kim og «J'aime la vie». Både før og under tevlinga, påstod Kim at ho var 14 år, men etter tevlinga kom det fram at ho berre var 13 år. Nokre år seinare innførte Den europeiske kringkastingsunionen 16-års aldersgrense for å deltake, og så lenge denne regelen gjeld, vil Kim vere den yngste vinnaren av Eurovision Song Contest gjennom tidene.

Som fylgje av sigeren i 1986 vart Eurovision Song Contest 1987 arrangert i Brussel, hovudstaden i Belgia. Tjueto land deltok det året, det høgaste talet deltakande land i ein Eurovision Song Contest-finale fram til 1992.

Oppsving frå 2010

[endre | endre wikiteksten]

Etter innføringa av semifinalar 2004, har Belgia berre kvalifisert seg til finalen fem av fjorten gongar. Same år som semifinale vart innført, var Belgia direktekvalifisert til finalen, etter tredjeplassen året før. Fyrste gongen Belgia kvalifiserte seg til finalen, var i Oslo i 2010, då Tom Dice vann sin semifinale og endte på sjetteplass i finalen - den beste plasseringa til Belgia sidan 2003, og den beste flamske plasseringa noko gong. Ein fjerdeplass følgde med Loïc Nottet i 2015, og året etter vart Laura Tesoro nummer ti i finalen. Ein ny fjerdeplass følgde med Blanche i 2017. Dette var fyrste gongen sidan 1978 at Belgia har oppnådd fleire topp ti-plasseringar på rad. Loïc Nottet vart nummer to i sin semifinale, Laura Tesoro vart nummer tre i sin semifinale og Blanche vart nummer fire i sin semifinale.

Rekkja med gode plasseringa fekk ein brå slutt i 2018, då Belgia ikkje kvalifiserte seg finalen. Heller ikkje i 2019 lykkast belgiske Eliot med å ta Belgia til finalen.

ÅrArtistSongSpråkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
1956Fud Leclerc«Messieurs les noyés de la Seine»FranskUkjent
Mony Marc«Le plus beau jour de ma vie»Fransk
1957Bobbejaan Schoepen«Straatdeuntje»Nederlandsk58
1958Fud Leclerc«Ma petite chatte»Fransk85
1959Bob Benny«Hou toch van mij»Nederlandsk96
1960Fud Leclerc«Mon amour pour toi»Fransk96
1961Bob Benny«September, gouden roos»Nederlandsk115
1962Fud Leclerc«Ton nom»Fransk013
1963Jacques Raymond«Waarom?»Nederlandsk410
1964Robert Cogoi«Près de ma rivière»Fransk210
1965Lize Marke«Als het weer lente is»Nederlandsk015
1966Tonia«Un peu de poivre, un peu de sel»Fransk144
1967Louis Neefs«Ik heb zorgen»Nederlandsk87
1968Claude Lombard«Quand tu reviendras»Fransk87
1969Louis Neefs«Jennifer Jennings»Nederlandsk107
1970Jean Vallée«Viens l'oublier»Fransk58
1971Lily Castel og Jacques Raymond«Goeiemorgen, morgen»Nederlandsk6814
1972Serge og Christine Ghisoland«À la folie ou pas du tout»Fransk5517
1973Nicole og Hugo«Baby, Baby»Nederlandsk, engelsk, fransk og spansk5817
1974Jacques Hustin«Fleur de liberté»Fransk109
1975Ann Christy«Gelukkig zijn»Nederlandsk og engelsk4011
1976Pierre Rapsat«Judy et Cie»Fransk688
1977Dream Express«A Million in One, Two, Three»Engelsk697
1978Jean Vallée«L'amour ça fait chanter la vie»Fransk1252
1979Micha Marah«Hey Nana»Nederlandsk518
1980Telex«Euro-Vision»Fransk1417
1981Emly Starr«Samson»Nederlandsk4013
1982Stella«Si tu aimes ma musique»Fransk964
1983Pas de Deux«Rendez-vous»Nederlandsk1318
1984Jacques Zegers«Avanti la vie»Fransk705
1985Linda Lepomme«Laat me nu gaan»Nederlandsk719
1986Sandra Kim«J'aime la vie»Fransk1761
1987Liliane Saint-Pierre«Soldiers of Love»Nederlandsk og engelsk5611
1988Reynaert«Laissez briller le soleil»Fransk518
1989Ingeborg«Door de wind»Nederlandsk1319
1990Philippe Lafontaine«Macédomienne»Fransk4612
1991Clouseau«Geef het op»Nederlandsk2316
1992Morgane«Nous, on veut des violons»Fransk1120
1993Barbara Dex«Iemand als jij»Nederlandsk325
1995Frédéric Etherlinck«La voix est libre»Fransk820
1996Lisa del Bo«Liefde is een kaartspel»Nederlandsk22164512
1998Mélanie Cohl«Dis oui»Fransk1226
1999Vanessa Chinitor«Like the Wind»Engelsk3812
2000Nathalie Sorce«Envie de vivre»Fransk224
2002Sergio & The Ladies«Sister»Engelsk3313
2003Urban Trad«Words for Love»Kunstig språk1652
2004Xandee«1 Life»Engelsk722Direktekvalifisert
2005Nuno Resende«Le grand soir»FranskIkkje kvalifisert2922
2006Kate Ryan«Je t'adore»Engelsk og fransk6912
2007The KMG's«Love Power»Engelsk1426
2008Ishtar«O Julissi»Kunstig språk1617
2009Patrick Ouchène«Copycat»Engelsk117
2010Tom Dice«Me and My Guitar»Engelsk14361671
2011Witloof Bay«With Love Baby»EngelskIkkje kvalifisert5311
2012Iris«Would You?»Engelsk1617
2013Roberto Bellarosa«Love Kills»Engelsk7112755
2014Axel Hirsoux«Mother»EngelskIkkje kvalifisert2814
2015Loïc Nottet«Rhythm Inside»Engelsk21741492
2016Laura Tesoro«What's the Pressure»Engelsk181102743
2017Blanche«City Lights»Engelsk36341654
2018Sennek«A Matter of Time»EngelskIkkje kvalifisert9112
2019Eliot«Wake Up»Engelsk7013
2020Hooverphonic«Release Me»EngelskTevling avlyst
2021Hooverphonic«The Wrong Place»Engelsk74191179
2022Jérémie Makiese«Miss You»Engelsk64191518
2023Gustaph«Because of You»Engelsk1827908
2024Mustii«Before the Party’s Over»EngelskIkkje kvalifisert1813
2025Red Sebastian«Strobe Lights»Engelsk2314
2026Essyla«Dancing on the Ice»Engelsk

Røystehistorikk (1956-2021)

[endre | endre wikiteksten]

Belgia har gjeve flest poeng til
Nr.LandPoeng
1 Frankrike198
2 Nederland186
3 Storbritannia184
4 Sverige179
5 Tyskland169
Belgia har fått flest poeng frå
Nr.LandPoeng
1 Nederland179
2 Frankrike141
3 Portugal127
3 Irland127
5 Storbritannia120

Eurovision Song Contest i Belgia

[endre | endre wikiteksten]
År Stad Arena Programleiar
1987 Brussel Palais du Centenaire Viktor Lazlo

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Daphne Dee (27. mai 2015). «#BUILDINGBRIDGES: Should the Two Belgian Broadcasters Join Forces for Eurovision?». wiwibloggs.com. Henta 6. desember 2016.
  2. Gordon Roxburgh (22. mai 2016). «Nina Kraljić wins the Barbara Dex Award 2016». eurovision.tv. Henta 6. desember 2016.