René Adler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
René Adler
René Adler, Germany national football team (01).jpg
Fødd 15. januar 1985 (34 år)
Leipzig i DDR
Høgd 191 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Spelar for Bayer Leverkusen
Draktnummer 1
Ungdomsklubb
1991-2000
2000-03
Tyskland Leipzig
Tyskland Bayer Leverkusen
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2003- Tyskland Bayer Leverkusen 99 (0)
Landslag**
2005
2008-
Tyskland Tyskland U21
Tyskland Tyskland
4 (0)
9 (0)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 7. mars 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 3. mars 2010.

René Adler (fødd 15. januar 1985) er ein tysk fotballspelar som har spela som keeper for Bayer Leverkusen og det tyske landslaget.

Adler vart fødd i Leipzig og begynte fotballkarrieren i det lokale laget Leipzig. I 2000 gjekk han over til ungdomslaget til Bayer Leverkusen, og spelte på andrelaget der frå 2002. I den første tida budde 15-åringen hjå keepertrenaren Rüdiger Vollborn og familien hans.

I 2003/04-sesongen kom Adler med i A-lagsstallen til Bayer Leverkusen. I mai 2006 fekk Adler brot i eit ribbein på trening. Ribbeinet vart forsterka med ei titanplate. Han var ute av aksjon til februar 2007. Kort tid etterpå, 25. februar 2007, fekk han bundesligadebuten sin mot Schalke, då førstekeeperen Hans-Jörg Butt var utestengd grunna raudt kort. Etter kvart fortrengte han Butt som førstekeeper for Bayer Leverkusen. Han har kontrakt med klubben til 2012.

Adler har fleire landskampar for diverse aldersbestemte lag. Han var teken ut i troppen til U21-EM i 2006, men måtte bli heime grunna ribbeinsskaden sin.

Adler vart teken ut i Tyskland sin tropp til fotball-EM i 2008 saman med Jens Lehmann og Robert Enke. Han debuterte for landslaget 11. oktober 2008 i ein 2-1-siger over Russland i ein kvalifiseringskamp til fotball-VM i 2010. I mars 2010 vart han peika ut som førstekeeper for Tyskland under fotball-VM, men litt over ein månad før meisterskapen vart det klart at han måtte stå over VM grunna ein ribbeinsskade.

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå tysk wikipedia 9. mars 2010.