Hans-Jörg Butt
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fødd | 28. mai 1974 | ||
| Fødestad | Oldenburg | ||
| Høgd | 191 cm | ||
| Posisjon | Keeper | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Bayern München | ||
| Nummer | 1 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
|
| |||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 1994-97 1997-2001 2001-07 2007-08 2008-12 |
|
87 (5) 133 (19) 191 (7) 1 (0) 63 (0) | |
| Landslag | |||
| 2000-10 |
| 4 (0) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 1. august 2026 ‡ Landslagsmål oppdatert 10. juli 2010 | |||
Hans-Jörg Butt (fødd 28. mai 1974 i Oldenburg i Niedersachsen) er ein tysk tidlegare fotballspelar som gjorde teneste i Hamburger SV, Bayer Leverkusen og Bayern München. Målvakta representerte Tyskland i 4 landskampar i tida 2000-10.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Butt spelte frå 1994 i tysk regionalliga for VfL Oldenburg. Deretter var han målvakt for Hamburger SV i fire år. Perioden 2001-07 var han aktiv i Bayer Lerverkusen. I sin fyrste sesong med Bayer kom laget på andreplass i bundesliga og det tapte finalen om DFB-pokalen mot Schalke 04, og til sist UEFA-meisterligafinalen mot Real Madrid. Etter ein sesong på reservebenken i Benfica, vende Butt i 2008 tilbake til Tyskland og spel for Bayern München. Våren 2010 vart han både ligameiser og BFB-pokalvinnar med laget frå München. Derimot enda han same våren opp som tapar i UEFA-meisterligaen for andre gong, ettersom FC Inter slo FC Bayern med 2-0 i Barcelona. Etter Manuel Neuer skreiv kontrakt med FC Bayern i 2011, sat Butt på benken til han la opp i 2012. Med 26 skåringar på straffespark, er Butt den mest treffsikre målvakta i bundesliga. Han spelte 387 kampar i øvste bundeliga.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Butt debuterte for Tyskland 7. juni 2000 i ein landskamp mot Liechtenstein. Han var med i troppa til fotball-EM same året og til fotball-VM i 2002. Begge gongane var han tredjeval i mål, etter Oliver Kahn og Jens Lehmann, kom såleis ikkje i spel. I sin 4. og siste landskamp, sju år etter den førre, vakta Butt Tysklands målbur då det vart siger 3-2 over Uruguay i bronsefinalen under Fotball-VM 2010 i Sør-Afrika.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- VM-bronse: 2010 for Vest-Tyskland
- Vinnar av Bundesliga: 2010 for Bayern München
- Vinnar av DFB-pokalen: 2010 for Bayern München
- Finalist i UEFA-meisterligaen: 2002 for Bayer Lverkusen og 2010 for Bayern München
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hans-Jörg Butt» frå Wikipedia på tysk, den 31. juli 2026.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
- Einskildmenn
- Fødde i 1974
- Artiklar som treng fleire referansar juli 2026
- Artiklar som treng fleire referansar (manglar kategori)
- Tyske fotballspelarar
- Hamburg-spelarar
- Bayer Leverkusen-spelarar
- Benfica-spelarar
- Bayern München-spelarar
- Spelarar i Fotball-EM 2000
- Spelarar i Fotball-VM 2002
- Spelarar i Fotball-VM 2010