Miroslav Klose

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Miroslav Klose
FIFA WC-qualification 2014 - Austria vs. Germany 2012-09-11 - Miroslav Klose 01.JPG
Fullt namn Miroslav Josef Klose
Fødd 9. juni 1978 (39 år)
Opole i Polen
Høgd 182 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Lazio
Draktnummer 11
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1998-99
1999-2004
2004-07
2007-11
2011-
Tyskland Homburg
Tyskland Kaiserslautern
Tyskland Werder Bremen
Tyskland Bayern München
Italia Lazio
20 (11)
120 (44)
89 (53)
98 (24)
80 (35)
Landslag**
2001- Tyskland Tyskland 132 (69)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 10. mai 2014.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 6. juni 2014.

Miroslav Klose, fødd som Mirosław Marian Klose (fødd 9. juni 1978 Opole) er ein polsk-tysk fotballspelar, som spelar som spiss for Lazio i italiensk Serie A, og for det tyske landslaget. Klose vart fødd i Polen. Mora var polsk landslagsspelar i handball og faren var profesjonell fotballspelar. Faren forlet Polen i 1978. Miroslav Klose og mora drog etter i 1985 og vart tyske statsborgarar, grunna faren sitt etnisk tyske opphav.

Klose vart toppskårar i Bundesliga og kåra til årets tyske spelar i 2006, medan han spelte for Werder Bremen. I 2007 gjekk han til Bayern München og var med på å vinna Bundesliga med dei i 2008 og 2010. I 2013 vart han cupmeister i Italia med Lazio.

Klose debuterte for det tyske A-landslaget 24. mars 2001 mot Albania, etter at han hadde avslått å spela for det polske landslaget. Han skåra fem mål for Tyskland både under fotball-VM i 2002 og i 2006, den einaste spelaren som har gjort dette i to etterfølgjande meisterskap. I 2006 vart han òg toppskårar i VM. Før VM i 2014 er han den spelaren som har skåra flest mål nokonsinne for Tyskland sitt landslag (69) og nummer to på toppskårarlista for fotball-VM til saman med 14 mål, fordelt over tre ulike VM.