Michael Ballack

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Michael Ballack
Michael Ballack (Confed-Cup 2005).JPG
Personleg informasjon
Namn Michael Ballack
Fødselsdato 26. september 1976
Fødestad Görlitz i DDR
Høgd 189 cm
Posisjon Midtbane
Klubbinformasjon
Spelar for Bayer Leverkusen
Draktnummer 13
Ungdomsklubb
1983-86

1986-90
1990-95
Øst-Tyskland (1959–1990) BSG Motor "Fritz Heckert2 Karl-Marx-Stadt
Øst-Tyskland (1959–1990) Karl-Marx-Stadt
Tyskland Chemnitz
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1995-97
1997-99
1999-2002
2002-06
2006-10
2010-
Tyskland Chemnitz
Tyskland Kaiserslautern
Tyskland Bayer Leverkusen
Tyskland Bayern München
Flag of England.svg Chelsea
Tyskland Bayer Leverkusen
49 (10)
46 (4)
79 (27)
107 (44)
105 (17)
0 (0)
Landslag**
1996-98
1999-
Tyskland Tyskland U21
Tyskland Tyskland
19 (7)
98 (42)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 13. mars 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 3. mars 2010.

Michael Ballack (fødd 26. september 1976 i Görlitz i Sachsen i det dåverande DDR) er ein tysk fotballspelar. Frå sesongen 2010/11 spelar han for Bayer Leverkusen i Bundesliga. Grunna allsidigheit, god teknikk og hovudstyrke vert han rekna som ein av dei beste midtbanespelarane i verda.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Michael Ballack spelte først fotball som sjuåring i BSG Motor Karl-Marx-Stadt. Han vart profesjonell i 1995 i Chemnitz FC. Frå 1997 til 1999 spelte han for 1.FC Kaiserslautern, frå 1999 til 2002 for Bayer 04 Leverkusen og frå 2002 til 2006 for FC Bayern München. Han har teikna treårskontrakt for Chelsea frå og med 2006/07-sesongen. Sidan kontrakten hans med Bayern München hadde gått ut, går han til Chelsea vederlagsfritt. Ballack vart tysk seriemeister i 1998, 2003, 2005 og 2006 og var med å vinna den tyske cupen i 2003, 2005 og 2006.

Han spelte sin første landskamp 28. april 1999 i Bremen i eit 0–1-nederlag mot Skottland. Sidan då har han spelt 98 landskampar og scora 42 mål for det tyske landslaget (pr. 3. mars 2010). I fotball-VM i 2002 var han med å vinna sølv, men i finalen var han utestengt etter å ha fått sitt andre gule kort for turneringa i semifinalen mot Sør-Korea. Få minutt etter å ha fått det gule kortet scora han golden goal-målet som sende Tyskland til finalen. Ballack var òg med i fotball-EM i 2000, 2004 og 2008 og fotball-VM i 2006. Han gjekk glipp av fotball-VM i 2010 grunna skade i okla.

Under landslagstrenar Jürgen Klinsmann vart Ballack 16. august 2004 kaptein for det tyske landslaget. Både på det tyske landslaget og for Bayern München har Ballack alltid spelt med nummer 13 på ryggen.

Michael Ballack er ugift og far til tre søner: Louis (fødd 16. august 2001), Emilio (19. september 2002) og Jordi (17. mars 2005). Mor til barna er livsledsagaren hans, Simone Lambe (fødd 1978).

Karrieren i tal[endre | endre wikiteksten]

  • 1995-97 - Chemnitz - 49 kampar, 10 mål
  • 1997/98 - Kaiserslautern - 16 kampar, 0 mål
  • 1998/99 - Kaiserslautern - 30 kampar, 4 mål
  • 1999/00 - Bayer Leverkusen - 23 kampar, 3 mål
  • 2000/01 - Bayer Leverkusen - 27 kampar, 7 mål
  • 2001/02 - Bayer Leverkusen - 29 kampar, 17 mål
  • 2002/03 - Bayern München - 26 kampar, 10 mål
  • 2003/04 - Bayern München - 28 kampar, 7 mål
  • 2004/05 - Bayern München - 27 kampar, 13 mål
  • 2005/06 - Bayern München - 26 kampar, 14 mål

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • 2002, 2003 og 2005 vart Ballack kåra til årets spelar av tyske fotballjournalistar.
  • 2002 vart han kåra til beste midtbanespelar av UEFA.
  • Bundesligameister: 1997/98, 2002/03, 2004/05, 2005/06
  • Tysk cupmeister: 2002/03, 2004/05, 2005/06
  • Fotball-VM: Tapande finalist 2002
  • Champions League: Tapande finalist 2001/02, 2007/08

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]