Hopp til innhald

Grunnstoffet titan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Grunnstoffet Titan)
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Titan (fleirtydingsside).
Scandium Titan Vanadium

Basisdata
Namntitan
SymbolTi
Atomnummer22
UtsjånadSølvkvitt
Plass i periodesystemet
Gruppe4
Periode4
Blokkd
Kjemisk serieTransisjonsmetall
Atomeigenskapar
Atomvekt47,87 u
Kalkulert atomradius140 (176) pm
Elektronkonfigurasjon[Ar]
KrystallstrukturHeksagonal
Fysiske eigenskapar
StofftilstandFast stoff
Smeltepunkt1662 °C, 1935 K
Kokepunkt3287 °C, 3560 K
Molart volum10,64 cm³/mol
Tettleik4507 kg/m³
Hardleik6 kg/m³
Fordampningsvarme425,2 kJ/mol
Smeltevarme16,11 kJ/mol
Damptrykk0,49 Pa
Lydfart4140 m/s
Elektronegativitet
etter Pauling-skalaen
1,54
Elektrisk leiingsevne2,34 MS/m
Termisk konduktivitet21,9 W/(m·K)
Ioniseringspotensial658,8 kJ/mol

Titan er eit metallisk grunnstoff med kjemisk symbol Ti og atomnummer 22. Det er eit transisjonsmetall og er plassert i gruppe 4 i periodesystemet. Stoffet vart oppdaga av ulike forskarar på 1790-talet. Namnet kjem frå titanane, som var ei gudeslekt av himmelens og jordas born i gresk mytologi, og jordas første søner i romersk mytologi.

Bruk av titan

[endre | endre wikiteksten]
Klokke med titanbelegg

Titan har høg styrke i forhold til vekta, og blir brukt åleine eller i legeringar som materiale til romrakettar, jetfly, ubåtar, verktøy samt tennis- og squash-racketar. Vanlege titanlegeringar inneheld jern og aluminium. Det kjemiske stoffet titandioksid har ein stabil, kvit farge og er mykje brukt i måling.

Titan vart oppdaga i england av William Gregor i 1791. Han oppdaga grunnstoffet i mineralet ilmenitt. Omtrent samstundes laga Franz Joeseph Muller ein liknande substans utan at han greidde å identifisera stoffet. Fleire år seinare vart grunnstoffet igjen oppdaga uavhengig av dette. Denne gong av Martin Heinrich Klaproth som gav det namnet titan.

Reint metall har vore vanskeleg å utvinna, og vart først danna i 1910. Først i 1946 vart det brukt utanfor laboratorium, etter at William Justin Kroll viste at kommersiell produksjon kan skje ved reduksjon av titantetraklorid med magnesium etter Krollprosessen.

Førekomst og produksjon

[endre | endre wikiteksten]

Titan førekjem blant anna i mineralet ilmenitt, som er råstoff for titanproduksjon i Noreg. Dei viktigaste norske titanprodusentane er Titania A/S, Tinfos, og Kronos Titan A/S.

Titan har vanlegvis oksidasjonstal 4 i sambindingar, men kan òg ha oksidasjonstal 3.

Titanmetall er dekt av eit oksidlag som vernar det. Metallet kan brenna i luft. Da vert titandioksid og titannitrid danna.

Ti + O2 → TiO2 2Ti + N2 → TiN

Titan reagerer vanlegvis ikkje med basar.

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]