Rettvenger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Rettvengjer)
Rettvenger
Leptophyes punctatissima
Leptophyes punctatissima
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Orden: Rettvenger Orthoptera
Olivier, 1789

Rettvenger (Orthoptera) er ein orden hemimetabole flygande insekt. Til gruppa høyrer mellom anna grashopper, sirissar og vortebitarar.

Det er beskrive 13 000 artar rettvenger på verdsbasis. Dei er særs vanlege insekt bortsett frå i kalde strok, i Noreg er det berre registrert 28 artar.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Rettvenger vert kjenneteikna av uvanleg stort protonum, det vil seie ryggskjelettplata på det første mellomkroppssegmentet. Forvengene har ei læraktig, fortjukka region som ofte vert nytta til kurtise eller kamuflasje, medan bakvengene er membranøse og vifteliknande. Ofte har rettvengene store bakbein dei nyttar til å hoppa. Dei høyrer særs godt, og har trommehinner på frambeina og bakkroppen.

Fleire av dei største insekta me kjenner til høyrer til rettvengene. Store grashopper kan bli opp mot 12 cm lange med eit dobbelt så stort vengespenn.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste rettvengene er planteetarar eller altetarar, men det finst òg reine predatorar. Mange av artane praktiserer ein kurtise der dei «spelar» - hannen lagar høge lydar for å trekka til seg hoa. Dette skjer anten ved at han gnir framvengene mot kvarandre eller gjennom at han gnir bakbeinet mot bakkroppen. Somme artar kan produsera til dels særs høg lyd på denne måten. Det er derimot ingen artar som gnir bakbeina mot kvarandre, som mange trur.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Rettvengene er dei einaste insekta som er lov å eta i jødedommen etter kosher- eller kasjrutlover.

Systematisk inndeling[endre | endre wikiteksten]

Det finst 28 artar frå ordenen i Noreg.

Treliste

Kjelder[endre | endre wikiteksten]