Reuss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reuss
elv
Reuss i Luzern
Land  Sveits
Kanton Uri, Aargau, Luzern, Zug, Zürich
Tilløp
 - venstre Göschener Reuss
 - høgre Unteralpreuss
Nedslagsfelt 3 425 km²
By Luzern, Emmen, Bremgarten
Lengd 164 km
Vassføring
 - middel 140 /s
 - maks 450 /s
 - min 10 /s
Kjelde Urseren
 - høgd 2 431 moh.
 - koordinatar 46°37′16″N 8°34′8″E
Munning Aare
 - stad Gebenstorf
 - koordinatar 47°29′32″N 8°14′14″E
Карта
Reuss
46°33′48″ N 8°25′55″ E
Wikimedia Commons: Reuss River

Reuss er ei elv i Sveits, som høyrer til Rhinenvassdraget. Elva har kjelde i Gotthardmassivet i kantonen Uri, og munnar ut i Aare ved Windisch i kantonen Aargau. Reuss er 164 km lang, og har ei fallhøgd på 2 101 m og eit tilsigsfelt på 3 425 km².

Reuss i det elva renn ut i Vierwaldstättersjøen

Reuss oppstår i Urseren av fleire kjeldeelvar, dei to største er Furkareuss og Gotthardreuss. Kjelda til Furkareuss ligg på 2 431 meter over havet, og vert rekna som hovudkjelda. Reuss renn ut av Urseren gjennom Schöllenenjuvet. Etter å ha passert den breie Reussdalen i Uri, munnar elva ved Flüelen ut i Vierwaldstättersjøen. Reuss renn ut av innsjøen ved byen Luzern, den største byen langs elva. Herifrå renn elva nordover gjennom Aargau, dels som grenseelv mot kantonane Zug og Zürich. Reuss si vassføring ved åmotet til Aare er gjennomsnittleg 140 m³/s.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]