Rev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Revehi)
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå rev i sjø.
Rev


Raudrev. Foto: National Park Service
Raudrev.
Foto: National Park Service
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Familie: Canidae
Slekter
  • Vulpes
  • Revar (Vulpini) er altetande landlevande rovdyr i hundefamilien. Revane er inga systematisk gruppe, men er sett saman av fleire liknande hundedyr.

    Det finst ulike reveartar i nær alle verdsdelane. Den best kjende reven i Noreg er raudrev, men det finst òg ei mindre gruppe fjellrev i landet.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Revar er mindre enn dei fleste andre hundedyra, med ein storleik typisk lik den til ein huskatt. Dei lever som regel åleine innanfor strengt oppdelte territorie, og held til i revehi. Dei kan bli 10–12 år, men dette er uvanleg i naturen.

    Kultur[endre | endre wikiteksten]

    Revar blir gjerne rekna som slu og smarte dyr. Han er kjend som den lure vennen til den dumme bjørnen i norsk folkedikting, og som lurefiguren Reynard i fleire europeisk tradisjonar.

    Eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula er kalla reven.

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rev

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]