Revolusjonært Forbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Revolusjonært Forbund (RF) var opphavleg resultatet av eit brot i Raud Ungdom i 1991, då fleirtalet av sentralstyremedlemane melde seg ut av organisasjonen. Forbundet vart skipa av gruppene (marxist-leninistane) (m-l) i Oslo og Revolusjonært Ungdomsforbund (RUF) i Bergen. Desse gruppene hadde eit nært samarbeid. I periodar var dei òg i kontakt med Ml-gruppa Revolusjon, Norges Kommunistiske Studentforbund og ei gruppe uavhengige kommunistar frå Stavanger-området. (m-l) og RUF vart gradvis til Revolusjonært Forbund, mellom anna gjennom arbeidet med bladet Klasse Mot Klasse.

RF tok krass avstand til Arbeidaranes Kommunistparti (Akp). Organisasjonen har i periodar uttrykt støtte til sopassa ulike figurar som Pol Pot og Rosa Luxemburg, og dreiv òg syndikalistisk orientert valboikott.

RF vart splitta då Bergens-avdelinga gjekk inn for å støtte opp om Raud Valallianse (RV). Forbundet vart oppløyst i 1999. Einskildpersonar frå RF, Arbeidarmaktgruppa (AMG) og tidlegare medlemar av Internasjonale Sosialistar (IS) gjekk i årsskiftet 1999/2000 saman i organisasjonen Forbundet Internasjonalen (FIN).