Ribonukleinsyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ribonukleinsyre

Ribonukleinsyre (forkorta RNA) er ei nukleinsyre og ein polymer. Det er arvestoffet i retrovirus og er ledd i mange viktige trinn før og under proteinsyntesen. RNA finst i fleire ulike variantar; mRNA, tRNA, rRNA, snRNA, siRNA og miRNA er seks av dei.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Primærstrukturen til RNA består av nukleotid som består av ribose (eit sukker), ei fosfatgruppe og ein aromatisk nitrogenbase. Sukkeret i ei gruppe er bunden til fosfatet i den neste, og nitrogenbasen kan vera mellom anna adenin, cytosin, guanin, uracil eller, i tRNA, inosin.

Sekundærstrukturen til RNA omfattar Watson-Crick-basepar A-U og C-G mellom ulike delar av RNA-kjeda. Spesielt vanleg er stamme-løkke-former som kan gje komplisert utsjåande RNA.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]