Richard Mateelong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Richard Kipkemboi Mateelong (fødd 14. oktober 1983) er ein kenyansk tidlegare hinderløpar. Åra 2007-09 vann han to VM-medaljar og ein OL-medalje i 3 000 meter hinder.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Mateelong vart andremann på 3 000 meter hinder i IAAF-finalen 2006, ein prestasjon han gjentok i 2007. Både under VM 2007 i Osaka og Sommar-OL 2008 i Bejing kom han i mål til bronsemedalje. I Berlin 2009 sette han personbeste med tida 8.00,8, noko som sikra han sølvmedaljen eit lite halvsekund bak landsmannen Ezekiel Kemboi og like framom Bouabdellah Tahri og Paul Koech. Hausten 2010 sprang Mateelong inn til siger ved Samveldeleikane i Delhi på tida 8.16,3, to sekund framom nettopp Kemboi. 11. mai 2012 presterte Mateelong sitt livs beste hinderløp då han i DL-stemnet i Doha vart klokka inn på 7.56,8, hakk i hæl landsmannen Paul Koech. Sidan han så berre vart nummer 4 i det kenyanske OL-uttaket, glapp London-OL for Mateelong.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]