Britisk Vestindia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Britisk Vestindia (engelsk British West Indies) var eit omgrep for øyane i Det karibiske havet som var del av Det britiske imperiet.[1] Det kan tidvis også inkludera Britisk Honduras og Britisk Guyana på det amerikanske fastlandet.[2][3]

Frå og med 1912 var Britisk Vestindia delt inn i åtte koloniar: Bahamas, Barbados, Britisk Guyana, Britisk Honduras, Jamaica (med dei då underlagte områda Turks- og Caicosøyane og Caymanøyane), Trinidad og Tobago, Windward- og Leewardøyane.[2] Mellom 1958 og 1962 var alle øyregionar bortsett frå Dei britiske Jomfruøyane, Bahamas, Britisk Honduras og Britisk Guyana organiserte i Den vestindiske føderasjonen. Dei fleste av territoria, og alle dei større, er no sjølvstendige som separate land med medlemskap i dei fleste internasjonale forum som Organisasjonen av amerikanske statar, Association of Caribbean States, Verdshandelsorganisasjonen, Dei sameinte nasjonane, CARICOM, Samveldet og Caribbean Development Bank med fleire. Resten er britiske oversjøiske territorium. Alle dei tidlegare nasjonane i Britisk Vestindia bortsett frå Dominica, Guyana og Trinidad og Tobago er samveldeland.[4]

Territorium[endre | endre wikiteksten]

Gjenverande britiske oversjøiske territorium i regionen

Områda som inngjekk i Britisk Vestindia var (dato for sjølvstendet, der det finst, i parentes):

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Definition of british west indies | Dictionary.com», www.dictionary.com (på engelsk), henta 16. juni 2020 
  2. 2,0 2,1 Aspinall, Sir Algernon Edward (1913), The British West Indies: Their History, Resources and Progress (på engelsk), I. Pitman, henta 16. juni 2020 
  3. Wrong, Hume (2009-09), Government of the West Indies (på engelsk), BiblioBazaar, ISBN 978-1-113-74153-0, henta 16. juni 2020 
  4. Islands in the Caribbean - Lists islands still classified as British West Indies Arkivert 20. juli 2011 på Wayback Machine.