Ridván-hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Bahá'í World Centre.
Ridván-hagen i Bagdad

Ridván-hagen ('paradis-hagen') eller Najibiyyih-hagen[1] var ein hage i breidda av Tigris i det som no er Al-Rusafa-distriktet i Bagdad i Irak.

Hagen er kjend som staden der Bahá'u'lláh, grunnleggjaren av bahaireligionen, heldt til i tolv dagar frå 21. april til 2. mai 1863, etter at dei osmanske styresmaktene hadde forvist han frå Bagdad og før han la ut på ferda si til Konstantinopel. Medan han var i hagen, fortalde Bahá'u'lláh dei som følgde han at han var den messianske figuren, Han som Gud skal gjera synleg, som Báben hadde fortalt om. Hendingane blir markert årleg av bahaiar gjennom ridvanhøgtida.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Walbridge, John (2005). «Ridvan». Sacred Acts, Sacred Space, Sacred Time. Oxford, UK: George Ronald. ISBN 0-85398-406-9.