Rigmor
Hopp til navigering
Hopp til søk
Rigmor er eit kvinnenamn av dansk opphav, truleg ei omlaging av tysk Richmute, samansett av ord for 'rik, mektig' og 'hugrørsle, mot'. «Mot» blei endra til «mor» i eldre dansk.[1]
Namnet var mykje bruka i mellomkrigstida.
Rigmor har i Noreg namnedag 7. februar, i Sverige 27. september.
Bruken av namnet i Noreg[endre | endre wikiteksten]
- I folketeljinga i 1801 var ingen manntalsførte med dette namnet.
- I teljinga frå 1900 var det om lag 50 som heitte Rigmor.
- I 2007 var det om lag 4250 som hadde Rigmor til første fornamn.
I kulturen[endre | endre wikiteksten]
Rigmor er namnet på heltinna i romanen Valdemar Sejr (1826) av B.S. Ingemann.[1]
Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]
- Rigmor Nicolowna Wiers-Jenssen (1874–1934), norsk forfattar
- Rigmor Holter (1906–2004), norsk målar
- Rigmor Frimannslund Holmsen (1911–2006), norsk folkelivsgranskar
- Elsa Rigmor Skjerven (1919–2005), norsk lærar og politikar
- Rigmor Andresen (f. 1923), norsk idrettseldsjel
- Rigmor Lange (f. 1926), norsk skodespelar og dansar
- Rigmor Grönjord (f. 1938), svensk tekstilkunstnar og målar
- Rigmor Stenmark (f. 1940), svensk politikar
- Rigmor Robèrt (f. 1948), svensk lege og psykolog
- Rigmor Andersen (f. 1954), norsk politikar
- Rigmor Aasrud (f. 1960), norsk politikar
- Rigmor Gustafsson (f. 1966), svensk jazzsongar
- Rigmor Galtung (f. 1969), norsk komikar
- Rigmor Dam (f. 1971), færøysk lærar og politikar
- Rigmor Austgulen, norsk medisinprofessor
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Olav Veka: Namneboka (Det Norske Samlaget, 1991) ISBN 82-521-3604-4
- Søk etter norsk namnestatistikk for Rigmor hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet