Hopp til innhald

Rigmor Dam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rigmor Dam

Fødd18. desember 1971 (52 år)
Tórshavn
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiJavnaðarflokkurin
Yrkejournalist, lærar, politikar, kommunikasjonsrådgiver
EktefelleArnbjørn Ó. Dalsgarð
VervKulturminister på Færøyane 15. september 2015–21. januar 2019
FøregangarBjørn Kalsø
EtterfylgjarHanna Jensen og Høgni Hoydal
VervLagtingsmedlem 29. oktober 2011–31. august 2019
Alle verv
  • medlem av Færøyenes lagting Sjå dette på Wikidata

Rigmor Dam (fødd 18. desember 1971 i Tórshavn) er ein færøysk kommunikasjonsrådgjevar, journalist og politikar som representerer partiet Javnaðarflokkurin. Ho var medlem av det færøyske Lagtinget 2011–2019 og kulturminister på Færøyane 2015–2019.

Dam er dotter av Durita og Bergur P. Dam. Farfaren er den tidlegare, sosialdemokratiske statsministeren Peter Mohr Dam, mens tidlegare statsminister {Atli Dam og tidlegare minister Helena Dam á Neystabø, også sosialdemokratar, er høvesvis farbror og kusine. Rigmor Dam er gift med forfattaren Arnbjørn Ó. Dalsgarð, som ho har tre barn med.[1]

Dam vaks opp i både Tórshavn og København. Ho har studentareksamen frå Føroya Studentaskúli frå 1991, lærarutdanning frå Blaagaard Statsseminarium frå 1998 og årsstudium i journalistikk og samfunnsvitskap fra høvesvis Danmarks Journalisthøjskole og Roskilde Universitetscenter. Dam underviste i folkeskulen i Tórshavn fram til 2005. Frå 2006 til 2010 var ho journalist ved eit mediehus i Tórshavn, der ho for det meste arbeidde for dagsavisa Sosialurin.[2] I 2010 blei ho tilsett som kommunikasjonsrådgjevar i fagforbundet for offentlege tilsette på Færøyane.[3]

Politisk karriere

[endre | endre wikiteksten]

Dam byrja sitt politiske virke i Sosialistiskt Ungmannafelag. Mens ho studerte i København, var ho redaktør i Oyggjaskeggi, eit tidsskrift for færøyske studentar.[2] Ho har hatt styreverv i kvinnerørsla på Færøyene. Dam har vore innvald på Lagtinget sidan 2011. Ho var nestformann i Lagtingets velferdskomité og medlem av kulturkomiteen frå 2011 og fram til regjeringsdanninga i 2015, då ho blei kulturminister.[4] Ho trekte seg som kulturminister i januar 2019 etter store budsjettoverskridingar ved skuleutbygginga i Marknagil i Tórshavn – det hittil største byggjeprosjektet på Færøyane.[5][6]

  1. «Rigmor Dam» (på færøysk). Javnaðarflokkurin. Henta 27. august 2016. 
  2. 2,0 2,1 «Rigmor Dam» (på færøysk). kveik.fo. Arkivert frå originalen 2. mai 2016. 
  3. «Rigmor Dam» (på dansk). Kommunikationsforum. Henta 27. august 2016. 
  4. «Rigmor Dam» (på færøysk). Løgtingið. Arkivert frå originalen 26. januar 2016. Henta 27. august 2016. 
  5. Olavson, Rógvi; Johannesen, Johnsigurd (21. januar 2019). «Rigmor Dam tekur fulla ábyrgd av játtan til Glasir» (på færøysk). Kringvarp Føroya. Henta 6. februar 2019. 
  6. «Bygger BIG på Færøerne». BygTek (på færøysk). 8. november 2013. Henta 6. februar 2019.