Hopp til innhald

Rimbo

59°44′39.127″N 18°21′54.846″E / 59.74420194°N 18.36523500°E / 59.74420194; 18.36523500

Rimbo
tettstad
Luftfoto av Rimbo, med innsjøen Syningen øvst og Långsjön nedst til venstre.
Land  Sverige
Areal 359 km²
Folketal 5 346 (31. desember 2023)[1]
Kart
Rimbo
59°44′40″N 18°21′30″E / 59.744373123714°N 18.358470861436°E / 59.744373123714; 18.358470861436
Wikimedia Commons: Rimbo

Rimbo er ein svensk tettstad i Norrtälje kommun i Stockholms län i landskapet Uppland. I 2005 hadde tettstaden 4 606 innbyggjarar. Rimbo ligg mellom innsjøane Syningen og Långsjön, cirka 20 kilometer vest for byen Norrtälje.

Her opna jernbane mellom Uppsala og Norrtälje i 1884, og tettstaden Rimbo grodde då fram som den sentrale handelsstaden langs jernbanen. Staden var eige kommunesenter 1914–1957, men vart mindre viktig då jernbanelinjene til Norrtälje og Stockholm blei nedlagt høvesvis på 1960-talet og sist i 1981. Rimbo har framleis noko industri.