Rissaraset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Rissaraset var eit ras som gjekk i tidlegare Rissa kommune (no Indre Fosen kommune) i Trøndelag den 29. april 1978. Kvikkleireraset var det største som råka Noreg1900-talet då over 20 hus og gardsbruk vart teke av raset og ein person omkom.

Om raset[endre | endre wikiteksten]

Raset starta laurdag klokka 14.10 på ettermiddagen då det skulle gravast til eit utbygg på driftsbygningen på garden Fissøya. Raset gjekk ned til strandkanten i brakkvasspollen Botn. Fire minutt seinare rasa nye massar ut heilt opp til garden Rokseth. Folk i området byrja å bli klår over situasjonen og fleire starta evakuering. Etter 25 minutt gjekk eit nytt ras. Fem minutt etter gjekk hovudraset som tok med seg den gamle grendaskulen og gardane Fossan, Halten, Fossum, og deler av Rabben.

Fem minutt seinare gjekk det siste store raset som tok med seg gardane og eigedomane Fissrønning Ytre, Fissrønning, Rydningen, Nylund, Trøen, Stensli og Åslund. Seinare forsvann eigedomen Stensli i eit av dei mange etterrasa. Sjølve raset var over klokka 14.55, 45 minutt etter at det starta.

Øydeleggingar[endre | endre wikiteksten]

5–6 millionar kubikkmeter leire rasa ut frå eit område på 330 mål og etterlét ein raskant på 1,5 kilometer. Åtte gardsbruk på over 50 dekar, sju bruk på under 50 dekar, to bustadeigedomar, ei hytte og eit grendehus forsvann heilt eller delvis i leirmassane. I alt mista 32 personar alt dei åtte i leirraset, medan 32 år gamle Solvor Halten Eriksson omkom i raset.

Raset gjorde òg store materielle skadar på tettstaden Leira på motsett side av Botnen, då ein tre meter høg tsunami slo inn kort tid etter at hovudraset gjekk.

Film av raset[endre | endre wikiteksten]

Smalfilmamatørane Kjell Karlsen og Knut Singstad filma raset, som var første gongen i historia at eit kvikkleiresras vart festa til film. Karlsen drog ned til Botnen då det byrja å rase, medan Singstad stod i åskanten på motsett side. Etter kvart som raset utvikla seg, sprang Karlsen for livet med raskanten like etter. Filmane blir brukt av NGI i deira rasførebyggande arbeid og til opplysing, og blir framleis vist på ulike fjernsynskanalar verda over.

Minnesmerke for Rissaraset i 1978[endre | endre wikiteksten]

I samband med markeringa av at det i 2003 var 25 år sidan raskatastrofen, vart det reist eit minnesmerke i rasgropa. Informasjonstavle står òg ved Reins kloster. Ved riksvegen gjennom Reinsgrenda og ved Rein kyrkje er det sett opp vegvisarar til minneområdet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]