Roald Tangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roald Tangen
Fødd8. februar 1912
Modum
Død3. august 1997
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, professor
InstitusjonarNoregs teknisk-naturvitskaplege universitet
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Roald Tangen (fødd 8. februar 1912 i Modum, død 3. august 1997 i Oslo) var ein norsk fysikar og rekna som å vere den som starta norsk kjernefysisk forsking på partikkelakseleratorar.[1]

Etter examen artium 1931 vart han siv.ing. i sterkstraum ved NTH i 1936. Han vart ein av mange assistentar til Johan Peter Holtsmark og bygde på 30-talet ein Van de Graaff-generator/akselerator. Han fekk dr.techn. frå NTH i 1948 på ei avhandling om korleis proton vert fanga av lette atomkjernar, og var professor i eksperimentell fysikk same stad 1948-52, etterfølgd av Njål Hole. Tangen gjekk til Universitetet i Oslo i 1952 for å overta professoratet etter Lars Vegard, og fekk ta med seg akseleratoren som han heldt til 1979. Tangen oppdaga kjerneresonans inni akseleratorane som av og til laga 3 millionar volt.

Verv og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Roald Tangen. (27.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/Roald_tangen