Robert Hooke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Robert Hooke
13 Portrait of Robert Hooke.JPG
Robert Hooke måla av ein kunstnar. Det finst ingen teikningar eller måleri av Hooke frå då han levde, så ingen veit sikkert korleis han såg ut.
Fødd28. juli 1635
FreshwaterIsle of Wight i England
Død3. mars 1703 (67 år)
London i England
NasjonalitetEngelsk
Områdemekanikk, fysikk, kjemi, biologi
Yrkearkitekt, astronom, fysikar, dagbokskriver, universitetslærar
InstitusjonarRoyal Society
Alma materChrist Church i Oxford
Kjend forHooke-lova
Mikroskopi
nytta ordet 'celle'
InfluerarRichard Busby
MedlemRoyal Society

Robert Hooke (27. juli 16353. mars 1703) var ein engelsk fysikar og matematikar.

Han var professor i geometri ved Gresham College frå 1665. Han fann opp lommeuret og gav i 1665 ut eit optisk arbeid, Micrographia, der han skildrar sine observasjonar med eit forbetra samansett mikroskop. Her finst dei første skildringar av plantene sine celler. Hooke gjorde òg ei rekkje forbetringar ved astronomiske instrument og konstruerte den første reknemaskinen. Han utførde ei mengd fysiske undersøkingar over fall-lova, pendelen, interferensfarger i tynne hinner, faste lekamar sine elastiske tilhøve og mykje meir.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Robert Hooke» (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 8. november 2013.