Robert Sabino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Robert Sabino er ein USA-amerikansk klaverspelar. Han var fødd og voks opp i the Bronx. Han var klassisk trent, men vart tidleg fan av rock and roll.

I 1975 vart Sabino profesjonell låtskrivar og studiomusikar, og spelte og turnerte med artistar som Bryan Adams, Laurie Anderson, Ashford & Simpson, Philip Bailey, Jeff Beck, David Bowie, Kim Carnes, Rosanne Cash, Chic, Rodney Crowell, Peter Frampton, Ace Frehley (Kiss), Art Garfunkel, Herbie Hancock, Debbie Harry, Warren Haynes (Allman Brothers Band), Mick Jagger, Mick Jones, Madonna, Johnny Mathis, Odyssey, Teddy Pendergrass, Power Station, Diane Richards, Diana Ross, Elliot Rothpearl, Todd Rundgren, John Sebastian, Nick Seeger, Charlie Sexton, Annie and The Natural Wonder Band, Jules Shear, The Simms Brothers Band, Carly Simon, Paul Simon, Simon and Garfunkel, Sister Sledge, Chris Spedding, Fonzi Thornton, Tin Huey og Steve Winwood. Han var òg permanent medlem av discogruppa Chic, og spelte på songar som «Dance Dance Dance» og «Le Freak». Han spelte òg på plater som Sister Sledge sin «We Are Family» og Madonna-albumet Like a Virgin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]