Robert Scholl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Robert Scholl
Bundesarchiv Bild 183-26552-0005, Weimar, 7. CDU-Parteitag.jpg
Fødd 13. april 1891
Mainhardt
Død

25. oktober 1973
Stuttgart

Yrke politikar, samfunnsøkonom, motstandskjemper
Robert Scholl på Commons

Robert Scholl (fødd 13. april 1891 i Steinbrück, død 25. oktober 1973 i Stuttgart) var ein württembergsk jurist og liberal politikar. Han var far til Hans og Sophie Scholl.

Han studerte ved Württembergs forvaltningsskule i Stuttgart, og deltok som infanterist og sanitetssoldat under første verdskrig. I 1916 blei han gift med sjukesøstera Magdalene Müller (1881-1958), som gav han seks born: Inge, Hans, Elisabeth, Sophie, Werner og Thilde.

I 1917 blei Robert Scholl borgarmeister i Ingersheim og i 1920 i Forchtenberg. Han blei leiar for handverkskammeret i Stuttgart i 1930.

I 1932 flytta familien Scholl til Ulm, der Robert Scholl opna eit kontor som revisor og skatterådgivar.

Den politisk liberale Scholl var avvisande innstilt til NSDAP, men klarte ikkje i byrjinga å formidle dette til borna i særleg grad. I 1942 blei han dømd til fire månaders fengsel på grunn av ei kritisk ytring om Hitler, og fekk samtidig yrkesforbod. Etter avrettinga av borna Hans og Sophie blei situasjonen for familien vanskelegare. I mai 1943 blei Robert Scholl dømt til 18 månaders fengsel for å ha lytta til utanlandsk radio.

Etter den andre verdskrigen var han overborgarmeister i Ulm frå 1945 til 1948. På 1950-talet grunnla han Gesamtdeutsche Volkspartei saman med den seinare tyske presidenten Gustav Heinemann og presten Martin Niemöller. Resten av sitt liv brukte han på å fremme minnet om sine to avretta born.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]