Robinho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Robinho
Robinho061115-2.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Robson de Souza
Kallenamn Robinho
Fødd 25. januar 1984
Fødestad São Vicente
Høgd 175 cm
Posisjon Ving, angrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
AC Milan
Nummer 70
Ungdomsklubbar
2002-2005 Brasil Santos
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2005-2008
2008-2010
2010-
Spania Real Madrid
Storbritannia Manchester City
Italia AC Milan
101 (25)
41 (14)
4 (0)
Landslag
2003- Brasil Brasil 82 (25)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. november 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 17. november 2010

Robson de Souza (fødd 25. januar 1984) er ein brasiliansk fotballspelar frå São Vicente. Han vert rekna for å vera eit av dei største fotballtalenta i verda. For tida spelar han for landslaget til Brasil, og for italienske AC Milan.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Robinho starta å spela for den brasilianske klubben Santos FC i 2002. Han heldt fram med å spela for Santos til 2005, då han signerte femårskontrakt med den spanske klubben Real Madrid. Etter kvart ytra Robinho eit ynske om å forlata klubben.

I september 2008 vart han seld til britiske Manchester City for 42 millionar euro. Frå januar 2010 fekk Santos låna Robinho i seks månader, før han vart seld til AC Milan den 31. august 2010.

Robinho har spelt på det brasilianske landslaget sidan 2003. Som landslagsspelar har han delteke i fotball-VM 2006 i Tyskland, Copa America i 2007 og fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Under fotball-VM 2010 spelte han i kvar kamp Brasil fekk i konkurransen.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Robinho er gift med Vivian Guglielmetti. Dei har ein son i lag, som heiter Robson jr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipedia og Engelsk Wikipedia om Robinho.