Cafu
|
Cafu i 2017 | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Marcos Evangelista da Morais | ||
| Fødd | 7. juni 1970 (56 år) | ||
| Fødestad | São Paulo i Brasil | ||
| Høgd | 176 cm | ||
| Posisjon | Høgreback | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1989-1995 | São Paulo | 95 | (6) |
| 1995 | Zaragoza | 16 | (0) |
| 1995 | Juventude | 0 | (0) |
| 1995-1997 | Palmeiras | 35 | (0) |
| 1997-2003 | Roma | 163 | (5) |
| 2003-2008 | Milan | 119 | (4) |
| Landslag | |||
| 1990-2006 | Brasil | 142 | (4) |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Marcos Evangelista de Morais (fødd 7. juni 1970), kjend som Cafu [kaˈfu], er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar, fødd i São Paulo. Han vart verdsmeister med Brasil i både 1994 og 2002, i den sistnemnde meierskapen som kaptein. Cafu spelte også VM-finalen 1998, og er dermed den einaste fotballspelaren som har spelt i tre VM-finalar. I tida 1990-2006 spelte han 142 landskampar for Brasil, noko som er landskamprekord i Brasil. Han skåra fem mål på landslaget.
På klubbplan spelte Cafu for både São Paulo (1990-94), AS Roma (1997-2003) og AC Milan (2003-08). Med São Paulo vart han seriemesiter i 1992 og vann Copa Libertadores både i 1992 og 1993. I Roma var han delaktig då klubben vann Serie A i 2001, medan han tre år seinare vann same Serie A med Milan. Han spelte meisterligafinalen i 2005, då Milan tapte for Liverpool FC etter straffeskyting, men kom ikkje på bana då Milan vann meisterligafinalen 2007.
Cafu vert rekna som å ha vore ein av dei aller beste sidebackane i Serie A. Han var ein dynamisk og energetisk høgreback, særleg hugsa for å vere både snøgg og uthaldande, samt med gode både taktiske og tekniske evner.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Cafu» frå Wikipedia på engelsk, den 24. juli 2015.