Luís Fabiano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Luís Fabiano
JSP 0799.JPG
Personleg informasjon
Fullt namn Luís Fabiano Clemente
Fødd 8. november 1980
Fødestad Campinas i Brasil
Høgd 183 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Sevilla
Nummer 10
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1997-2000
2000-01
2001-04
2004-05
2005-
Brasil Ponte Preta
Frankrike Rennes
Brasil São Paulo
Portugal Porto
Spania Sevilla
12 (3)
11 (0)
87 (61)
22 (3)
127 (62)
Landslag
2003- Brasil Brasil 38 (25)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. juni 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 7. juni 2010

Luís Fabiano Clemente (fødd 8. november 1980 i Campinas i delstaten São Paulo) er ein brasiliansk fotballspelar som har spela som spiss for São Paulo FC i den brasillianske eliteserien, og for landslaget til Brasil. Han har vore med på å vinna UEFA-cupen to gonger med Sevilla (2006 og 2007). Han vart toppskårar i den brasilianske toppdivisjonen i 2002, medan han spelte for São Paulo, og vart kåra til årets spelar i Brasil i 2003. Han debuterte for Brasil sitt A-landslag 11. juni 2003 i ein vennskapskamp mot Nigeria, og spelte alle fem kampane for Brasil då dei vann Copa América i 2004.