Rochefort i Charente-Maritime

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rochefort
by
440 - Place Colbert - Rochefort.jpg
Våpenskjold
Land Flag of France.svg Frankrike
Region Nouvelle-Aquitaine
Høgd m
Areal 21,95 km²
Folketal 25 797 (1999)
Folketettleik 1 175 / km²
Tidssone CET (UTC+1)
Postnummer 17300

Rochefort i Charente-Maritime
45°56′31″ N 0°58′1″ W
Wikimedia Commons: Rochefort (Charente-Maritime)
Nettstad: www.ville-rochefort.fr

Rochefort er ein hamneby og kommune vest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Charente-Maritime i regionen Nouvelle-Aquitaine og har om lag 25 000 innbyggjarar. Eit uoffisielt namn på byen er Rochefort-sur-Mer, men din siste biten vert vanlegvis ikkje nytta.

Hamna i Rochefort

Historie[endre | endre wikiteksten]

I desember 1665 vart Rochefort vald av Jean-Baptiste Colbert som ein stad for «tilflukt, forsvar og forsyningar» for den franske marinen. Det vart bygd festningsverk i militærhamna av Vauban, Louis XIV sin kommisær for festningsverk. Mellom 1666 og 1669 fekk kongen bygd «Corderie Royale» (den då lengste bygningen i Europa) for å lage tauverk for franske skip i krig. Produksjonen av tauverk vart lagt ned i 1867, og i 1926 vart arsenalet i Rochefort òg lagt ned. Bygningen vart sett i brann av okkupasjonsstyrkane i 1944 og stod tom i tjue år. I dag er bygningen bygd opp att for kommunale formål og turisme. I 1766 vart det bygd ein bagne, ein straffekoloni der ein dreiv straffarbeid. Slike straffekoloniar var på den tida vanleg i militære hamner og marinebasar, som i Toulon eller Brest, fordi dei gav tilgang til gratis arbeidskraft.

Utanfor Rochefort ligg øya Île-d'Aix, der Napoleon Bonaparte heldt seg fleire dagar i håp om å rømme til Amerika, før han overgav seg til Kaptein F. L. Maitland om bord på HMS «Bellerophon» den 17. juli 1815. Dette enda «Dei hundre dagane».

Rochefort er eit døme på ein såkalla ville nouvelle eller 'ny by' frå 1600-talet. Det vil seia at utforminga og bygningane kom av politiske årsaker. Årsaka til at Rochefort vart bygd kom i stor grad av at den kongelege makta ikkje kunne stole på dei opprørske protestantane i La Rochelle, som ardinal Richelieu måtte omleire eit par tiår tidlegare. Langt inn på 1900-talet vart Rochefort stort sett rekna som ein garnisonsby. Turistindustrien, som hadde eksistert lenge på grunn av kurbadet i byen, auka på 1990-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]