Charente-Maritime

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charente-Maritime
Våpenskjoldet til Charente-Maritime
Plassering
Plasseringa til Charente-Maritime i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 17
Region: Poitou-Charentes
Préfecture: La Rochelle
Sous-préfectures: Jonzac
Rochefort
Saintes
Saint-Jean-d'Angély
Arrondissement: 5
Kantonar: 51
Kommunar: 472
Président du conseil général: Claude Belot
Statistikk
Folketal Rangering 39.
 -1999 557 024
Folketettleik: 81/km²
Landareal¹: 6 864 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Charente-Maritime er eit departementet på vestkysten av Frankrike. Departementet ligg i regionen Poitou-Charentes, og er kalla opp etter elva Charente.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Charente-Inférieure var eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. 4. september 1941 skifta det namn til Charente-Maritime.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet er i dag ein del av regionen Poitou-Charentes og grensar til departementa Gironde, Charente, Deux-Sèvres og Vendée.

Department inkluderer øyane Île de Ré, Île-d'Aix og Île d'Oléron.

Viktige elvar i departementet er Charente og sideelvane hennar Boutonne og Seugne, i tillegg til Sèvre Niortaise, Seudre og Garonne, som dannar elvemunningen Gironde.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet er mildt og solrikt med mindre enn 900 mm nedbør i året. Middeltemperaturen varierer frå 20 °C om sommaren til 5 °C om vinteren.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Charentais-Maritimes.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Økonomien i Charente-Maritime er basert på turisme, maritim industri og fabrikkindustri. Konjakk og pineau er to store jordbruksprodukt frå området.

Charente-Maritime er hovudkvarter for den store østersprodusenten Marennes-Oléron. Østers som vert dyrka her vert transportert til heile Europa.

Rochefort er ein by med skipsverft og har ein fransk marinebase.

La Rochelle er eit stort industrisenter. Like utanfor byen ligg det franske gigantselskapet Alstom, som produserer tog og togvogner for TGV og undergrunnsbanar i Paris og andre stader.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Populære turiststader er La Rochelle, Saintes, Rochefort, Île-d'Aix, Île de Ré og Île d'Oléron.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Charente-Maritime