Roger Gjøvaag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roger Gjøvaag
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. september 1956 (67 år)
Idrett friidrett

Roger Gjøvaag (fødd 7. september 1956) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Trondheim som vart noregsmeister på 3 000 meter hinder i 1983, 1987 og 1988, og i 3 kilometer terrengløp i 1984. Han var medlem i Byåsen IL til 1979, sidan representerte han Strindheim IL og til sist IL i BUL.

Gjøvaag var mellomdistanseløpar før han i 1980 byrja satse på hinderløp. 8.46,8 sende han opp på tredjeplass på statistikken over norsk årsbeste-tid. Han forbetra seg i 1981 til 8.43,2. I 1983-sesongen vann han 3 000 m hinder ved noregsmeisterskapen, og sprang han distansen på 8.38,6 og norsk årsbeste. Gjøvaag gjorde sitt livs beste løp då han, den 27. juni 1986 i Hengelo, vart fjerdemann i tevlinga på tida 8.29,0, like bakom landsmannen Are Nakkim.

Gjøvaag deltok i EM i friidrett 1986. Han rauk ut i kvalifiseringa på tida 8.39,6: 20. beste tid.

Medaljar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Gjøvag vann i 1984 NM-gull i 3 km terrengløp, to år seinare tok han sølvmedalje i same. År 1989 enda han på bronseplassen i noregsmeisterskapen i maraton.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]