Roger Norman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Roger Norman


Statsborgarskap Sverige
Fødd 2. august 1928
Västerås
Død

29. november 1995 (67 år)
Västerås

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952, EM i friidrett 1954, EM i friidrett 1958

Roger Karl Evald Norman (2. august 192829. november 1995) var ein svensk friidrettsutøvar frå Västerås som vann sølvmedaljen i tresteghopp under EM 1954 i Bern.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Norman vart åttandemann under Sommar-OL 1952 med eit bestehopp på 14,87 m. Vel ein månad seinare strekte han seg til 15,21 m då han vart svensk meister i tresteghopp fyrste gongen. Dei neste seks åra forsvarte han den svenske meistertittelen i øvinga, i 1958 for sjuande og siste gong med 15,34 m som teljande resultat. Høgdepunktet for Norman kom i europameisterskapen i Bern der han sikra seg sølvmedaljen med 15,17 meter, trass i at han vart slått av Leonid Sjtsjerbakov frå Sovjetunionen med heile 73 cm. Norman deltok ikkje i Sommar-OL 1956 i Melbourne. Under Friidretts-EM 1958 på svensk heimebane skuffa han med ellevteplass. Berre vel ei veke etter EM-finalen på Stockholm stadion sette han 31. august på den same arenaen personleg rekord med 15,41 meter.

Medalje og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]