Rolandskvadet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Slaget ved Roncevaux i 778. Rolands død, frå Grandes chroniques de France, miniatyrmåleri av Jean Fouquet, Tours, v. 1455–1460, BNF

Rolandskvadet (fransk La Chanson de Roland) er eit gammalfransk heltedikt frå 1100-talet. Diktet handlar om Karl den store (Carolus Magnus) og dei tolv kjempene (jamningane) hans, blant andre Roland og Holger Danske. Sentralt i diktet står slaget ved Roncevaux der både Roland og Holger fell i ein drabeleg kamp mot muslimske sarasenarar.

Diktet er det eldste storverket i fransk litteratur og det viktigaste dømet på chanson de geste (kjempekvad), ei diktform i pentameter og med vokalsamklang i den siste stavinga til linja. Dette var ei diktform som var svært populær mellom det ellevte og femtande hundreåret.

Diktet er overlevert i fleire versjonar og manuskript. Dei lengste er på ca. 4000 verselinjer. Rolandskvadet er tidsmessig plassert i karolingisk tid, men skrive langt seinare. Det er bevart eit enkelt manuskript av Rolandskvadet på gammalfransk, og det blir tatt vare på i forskingsbiblioteket Bodleian Library i England.[1] Denne kopien er datert til mellom 1129 og 1165 og var skriven på anglo-normannisk.[2] Det finst òg åtte andre manuskript og tre fragment av andre dikt som omhandlar Roland.[3] Rolandskvadet blei omsett til norsk av Johs. A. Dale i 1934.

Historisk bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dette heltediktet handlar eigentleg om eit nederlag. Slaget ved Roncevaux, eit pass i Pyreneane, fann stad 15. august år 778 og var ikkje noko stort eller viktig slag. Karl den store hadde herja i Spania og omleira Zaragoza, men hadde ikkje klart å ta byen. Han trekte seg no tilbake for å verna riket sitt mot saksarane, som angreip frå aust. I Rolandskvadet er dette slaget ein kamp mellom dei kristne og dei heidenske sarasenarane, men i verkelegheita var det baskarar som la seg i bakhald og nedkjempa baktroppen til Karl. Den einaste historiske kjelda som fortel om slaget ved Roncevaux og fallet til Roland er Einhard sin biografi om Karl den store som blei skriven berre nokre få år etter at han døydde. I Sigmund Skard si omsetjing frå 1929 av den latinske originalen er slaget skildra slik:

Men på heimvegen, uppi sjølve Pyrinearfjelli, fekk han røyna truløysa åt baskarane ei rid. For då heren rekte fram i ei lang rad, slik han måtte der i skardet, då lagde baskarane seg i baklur øvst uppe på fjelltoppen – der er laglegt for slikt, med veldige, myrke skogar, – gauv ned på attarste luten av trenet og baktroppen som skulde verna sjølve heren, kasta dei ned i dalen, byrja slag med deim der, hogg deim ned alle som ein, og plundra trenet; det leid mot natti då, og fyrr ein visste ordet av, var dei burte i myrket, kvar til sin kant. Det bata baskarane mykje at dei var lettvæpna og at slagplassen var lagleg for deim; frankarane derimot var låkare stadde i alt – både var dei tungt væpna og stod i meinsleg lende. I det slaget fall Eggihard, drottseten åt kongen, Anselm, slottsgreiven, og Hruodland, styresmann i det bretonske grenselandet, og mange andre.

Dette er einaste gong Roland er nemnd i ei historisk kjelde. I originalen står det Hruolandus Brittannici limitis praefectus, oftast omsett med 'Roland markgreve av Bretagne'.

Omsetjing og gjendikting[endre | endre wikiteksten]

Eit illuminert manuskript til Chanson de Roland frå 1300-talet.

Den store forskjellen mellom den nøkterne historiske kjelda og Rolandskvadet viser at bakgrunnen for kvadet må vera ei munnleg sogediktning som har grodd frodig i hundreåra etter 778. Rolandskvadet blei straks svært populært, noko dei mange manuskripta vitnar om. Kvadet blei gjennom ulike omsetjingar frå velsk eller anglo-normannisk gjort kjent og populært ved dei europeiske fyrstehusa, etter å ha blitt spreidd som del av adels- og hoffpoesien i seinmellomalderen.

Rolandskvadet blei òg grunnlaget for ein del av den norrøne Karlamagnús saga som blei skriven medan Håkon Håkonsson var konge i Noreg. Ein prosaversjon av kvadet blei òg populær lesing i mange land. I Danmark blei Keiser Karl Magnus's Krønike trykt så tidleg som 1534, men ho finst òg i eit handskrive manuskript frå så tidleg som 1480.

Karlamagnussagaen blei i sin tur grunnlaget for ein nordisk ballade om Roland og Magnus kongen. Denne balladen finst i ein lang færøysk og i ein kort norsk versjon. Stadnamnet «Roncevaux» blir i denne samanhengen til «Ronsarvollen».

Mellomalderlegendene om kampen mellom dei kristne og sarasenarane på Karl den store si tid blei òg populære i den italienske renessansen gjennom Orlando furioso, Ludovico Ariosto sitt riddarepos frå 1500-talet. Her er den franske helten omdøypt til Orlando frå Aspromonte i Calabria.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «La Chanson de Roland», Dictionnaire Étymologique de l'Ancien Français
  2. Short, Ian (1990): «Introduction», France: Le Livre de Poche, s. 5–20.
  3. «La Chanson de Roland», Archives de littérature du Moyen Âge

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Gaston Paris: Histoire poétique de Charlemagne. Paris 1865.
  • Gaston Paris: La poésie au Moyen Âge. Paris 1885 & 1895.
  • Gustav Storm: Sagnkredsene om Karl den store og Didrik af Bern hos de nordiske Folk. Et Bidrag til Middelalderens litterære Historie. P.T. Mallings Bogtrykkeri. Kristiania 1874.
  • Knud Togeby & Pierre Halleux (red.): Holger Danske. – Ogier le Danois. Vol. 1-3. (1. «Ogier le Dannoys. Roman en prose du XVe siècle». Publié par Knud Togeby. 2. Knud Togeby: «Ogier le Danois dans les littératures Europénnes». 3. «Karlamagnús saga. Bramches I. III, VII et IX».) Edition bilingue projetée par Knud Togeby et Pierre Halleux. Texte norrois édité par Agnete Loth. Traduction française par Annette Patron-Godefroit. Avec une étude par Paul Skaarup. Publié par Det danske Sprog- og Litteraturselskab, København (Copenh.) 1967, 1969 & 1980.
  • Carl Elberling: Danske Folkebøker. København 1867
  • Carl Richard Unger: Karlamagnus Saga ok Kappa hans. Fortællinger om Keiser Karl Magnus og hans Jævninger. Trykt hos H.J. Jensen. Christiania 1860. I norsk Bearbeidelse fra det trettende Aarhundrede. Program til I. Semester 1859. 1 Plansje.
  • Bjarni Vilhjálmsson (red.): «Karlamagnus Saga og Kappa Hans». Vol. 1-3. Islendingasagnaútgáfan, Haukadalsútgáfan. Reykjavik. 8°.
  • Magnus Brostrup Landstad: «Roland og Magnus kongin» (s. 169-176). Norske Folkeviser. (Uforandret opptrykk av utgaven fra 1853, med etterord av Erik Henning Edvardsen). Norgesforlaget AS. Porsgrunn 2002. ISBN 82-91986-45-2 (KPL)