Rolf Jørgen Fuglesang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolf Jørgen Fuglesang

Fødd31. januar 1909
Fredrikstad
Død25. november 1988 (79 år)
Statsborgar avNoreg
PartiNasjonal Samling
Yrkepolitikar, jurist

Rolf Jørgen Fuglesang (fødd 31. januar 1909 i Fredrikstad, daud 25. november 1988 i Oslo) var ein norsk jurist og politikar. Han var ein sentral aktør i Nasjonal Samling, både før og under andre verdskrigen. Frå 1942 til 1945 var han kulturminister i Quisling si NS-regjering. I 1946 vart Fuglesang dømt for landssvik.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Fuglesang tok examen artium i 1928 og vart cand.jur. i 1933. Allereie i studietida vart han ein tilhengar av Vidkun Quisling, og melde straks seg inn i Nasjonal Samling då partiet vart stifta i 1933.

Fuglesang var generalsekretær i NS frå 1933. Frå 25. september 1940 var han statsrådsekretær for dei kommissariske statsrådane. Frå 1. februar 1942 til november 1942 hadde han post som statsrådsskretær i Quisling si andre regjering. Deretter var han kulturminister frå november 1942 til frigjeringa. Fuglesang var òg president 1943-45 i kulturtinget.

Fuglesang var ein av Quisling sine mest lojale medarbeidarar, og spelte ei viktig rolle både under etableringa av Nasjonal Samling oppbygginga av det nasjonalsosialistiske maktapparatet under andre verdskrigen i Noreg.

Krigsåra høyrde Fuglesang til den reine «norske» fløya i NS. Såleis var han særs kritisk til den pangermanske innverknaden, sterkast representert ved Jonas Lie og Sverre Riisnæs. Av den grunn hadde Fuglesang ingen særleg tillit hos rikskommissær Josef Terboven og elles i den tyske politiske leiinga i Noreg.

Landssvik[endre | endre wikiteksten]

Fuglesang sleppte unna dødsstraff under landsvikoppgjøret, ettersom fire av dei sju medlemmane i lagretten røysta mot aktors tiltale.[1] Han vart i staden dømd til livsvarig tvangsarbeid i 1946, då retten fann at han ikkje hadde nokon avgjerande innverknad over Nasjonal Samling si svikefulle verksemd, men berre var ein reiskap. Han vart sett fri i 1956.

Etter soning arbeidde Fuglesang som murar og forretningsmann i Oslo. Han deltok sidan offentleg fyrste gongen i NRK sitt radioprogram Ukeslutt i juni 1983.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hans Fredrik Dahl i utdjupande artikkel i SNL