Rolf Lunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rolf Lunde
Fødd 27. mai 1891
Død

3. november 1928

Yrke bilethoggar, kunstmålar, grafikar, teiknar
Tårnpetter

Rolf Schubarth Lunde (27. mai 18913. november 1928) var ein norsk målar og bilethoggar, fødd i Moss.

Lunde var son til ein maskinmeister som i 1900 budde og arbeidde i Stavanger. Sjølv gjekk han 1906-08 Kunst- og handverksskulen i Kristiania og var sidan elev 1921 hos Othon Friesz og 1921/22 hos bilethoggaren Antoine Bourdelle i Paris. Til sist elev ved Statens Kunstakademi 1922-23.

Etter ei studiereise i Tyskland, Storbritannia og Frankrike 1925-26 byrja Lunde å lage verk i ein grov og livaktig impresjonistisk stil. Han forma i 1927 ein statue av Ludvig Wiese og brønnskulpturane Slaven og Tårnpetter, alle tre står i Lillehammer. I Nasjonalgalleriet i Oslo finst eit portretthovudd av Einar Flagstad (1925) og Russerinnen (1926), dessutan ein replika av Tårnpetter.

Han døydde på Lillehammer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957